Family page Family page

1996
Det var det året det var så djupt



Ja, det er den tida på året att. Eg er her for å ynske dykk ei god jol og eit betre nyttår. Eigentleg så skulle dette ha kome frå Hild og Rob, men det var nok best med eit objektivt syn på det heile tenkte eg. Dei skulle vel helst ha kome til dørstokken og overrekt helsinga, men sidan ting ikkje gjeng heilt som ein ventar, så er dei altså fortsatt på andre sida av jordkloden når klokkene ringer jola inn i Noreg.

Dei to har atter ein gong hatt eit spanande og travelt år her i Perth. Det heile byrja med triksing og miksing med data utstyr. Kjøpepresset var stort så Hild og Rob bestemte seg for å betre den eksisterande PC'n i år. Trass alt så hadde Hild kjøpt den førre PCen i 1991 - 5 år er gamalt i dataverdenen. Men, her var det ikkje snakk om å kjøpe noko ferdiglaga og installert PC-pakke nei. Alt skulle gjerast privat og heime - utan "ekspert hjelp". Så dei tusla ut i og rundt Perth på jakt etter 'the ultimate components'. Litt etter litt fekk dei samla ihop alle dei nødvendige delane og sette seg til med skrujern og tang. Dei var så spente at eg frykta kortsluning (ha ha). Så inn gjekk hovudkort, skjermkort, straumpakke, diskettstasjon, harddisk og ein heil masse kablar, skruar og andre ting med merkeleg namn og attributtar. Trass i eit enormt overskot av ekstra skruar når dei var ferdige virka det første gonga!! Dei har no tenkt å melde denne hendinga inn i Guinness' Rekord bok fordi dette har nok aldri hent før. Hovudkortet var av typen 'tip-top' og 'chipen' var 586, så det ferdige produktet fekk namnet 'Peter the Pentium'. Samlinga var no mest komplett med Peter the Pentium, 'Felicity the Faxmodem', 'Archie the Answering Machine' og 'Frank the Fridge'. Men det gjekk ikkje mange vekene før Peter the Pentium fekk identitetskrise og krevde utviding. Så dei skrapte langt ned i lommeboka (bankkontoen) og skaffa både stemmeband (lydkort med høgtalarar) og utvida hjernekapasitet (CD-rom). Det gjeng så bra no at Peter the Pentium villig vekk speler Loose Windscreen (Bruce the Boss) medan Hild og Rob jobber på PC'n. Han er så glad og samarbeidsvillig. Sidan det, har dei bare spedd på med meir minne kapasitet (RAM) og det er godt nok. Storarta hobby tykkjer dei, når ein er heime.

For det var ikkje mange vekene inn i 1996 før Hild bestemte seg at no var det på tide med ein pause frå Perth.... Det er ikkje alltid like lett å reise frå Perth (og Rob) så det var med eit tungt hjarta at ho hoppa ombord i flyet. Turen gjekk til Manchester i England - og dagane vart fylde med alt anna enn fritids syssel. Som alle andre reisande og einskelege akademikarar så jobba ho 10-12 timar kvar dag (ikkje fordi ho var flittig, men heller fordi det ikkje var mykje anna å ta seg til på ettermiddagen). Ho har seinare gjeve utrykk for at det var heller avgrensa kor mykje ho eigentleg fekk utretta. Utanom ein masse møte med diverse slektningar på morssida så kan ho vise til ein konferanse i Newcastle. Denne konferansen er dessutan sterkt knytta til mange insinuerande historiar om diverse landbruksøkonomar som - uheldigvis for dei - rota seg bort i Hild sin veg. Det er ikkje lett å få historiane ut av henne, og dessutan er ho forsiktig med å nemne namn fordi som ho seier: "Ein dag må eg kanskje be ein av dei om ein jobb....". Nyttig eller ikkje nyttig så fekk ho iallefall nokre bonus møter med vegleiar Fraser som hadde vore bortreist i eitt år i Manchester. I mellomtida gjekk Rob og trakka åleine i Perth. Det skal vere usagt akkurat kva som gjekk føre seg, men rykta seier at han fekk utretta ein masse på laboratoriet (!!). Etter hans eigne utsagn så er dette heller uvanleg og ikkje minst uventa. På den andre sida så er arbeidsnivået mykje høgare når Hild er på reisefot - heiter det! Andre rykte gjeng også, og ordet "rugby" kjem ofte opp.

Det vart mykje rugby trening gjennom året i håp om å kome med i finalen i 3dje divisjonen. Seiste året kom dei til finalen men ikkje heilt til tops. 1996 var året då Murdoch University Rugby Union Team skulle slå dei andre padde-flate (bokstaveleg tala) og vinne finalen.... ja, ja, slik skulle det altså ikkje gå. Rob har si eiga forklaring på dette: han måtte forlate laget i 2 veker for å presse inn ein tur til Europa i april. Dette kan diskutterast, og som dei fleste av oss veit så er det nok Rob som diskutterer det mest.

Vel, så Herr og Fru Potter (som mange liker kalle dei) klarte altså å koordinere liva sine slik at dei trefftest på Rygnestad rundt påsketider. Dei fekk gode sjansar til å vitje alle dei som ville ha vitjing - og nokre til. I tillegg fekk dei også med seg noko av lamminga og mykje etterlengta norsk mat..... Det gjeng no mest ikkje dagen utan at dei legg ut i det vide og breie om kor storarta det var å kome tilbake til Rygnestad. Alt vener og kjente har å ty til her nede er bilete og lange og omfattande skildringar frå Rob og Hild - ofte med utvida bruk av armar og bein. Dei sit med store auger og lytter til historiar om snø, skigåing, snøscootar kjøyring, fuglehundar, sauehundar, små ungar, nye hus, gamle hus og hus utvidingar. Det er sjølvsagt lite utenforståande kan få med seg av slike ekstravagante og ukjente ord, men dette stopper sjølvsagt ikkje Hild og Rob. Endå verre vert det når skildingane av sauestell og lamming styr på Rygnestad kjem fram. Då vert det ofte tomt på tilhøyrar benkane. Slike utenkelege historiar vert for mykje for innbyggarane i eit land der - dersom dei hadde hatt representativt fleirtal, hadde 70% av Stortinget vore av rasen Merino......

Etter slike spanande tider på Rygnestad vart det klart at tida var komen for oppbrot. Her slutta også den koordinerte delen av 1996. Rob drog vidare til Wokingham utanfor London for å vitje foreldre og sysken og meir. Hild måtte derimot hoppe av flyet i Køben - på'n igjen med meir arbeid (eigentleg er det studiar, men ho insisterer på å kalle det arbeid - sjølv om det er ulønna...). Rob fekk ei fin veke med mykje moro i 'not-so-sunny-Wokingham'. Det er alltid stort å få minstemann (kremt!) heim frå Australia så folk stod i kø for å helse på og prate - men kanskje aller mest lytte! Ja, for dei har ikkje valg på det området. Rob kvilar ikkje før alle innan 200 meter veit korleis ting gjeng føre seg i Australia. Han har sagt at det er hans plikt og halde verda informert (sjølv om verden ikkje alltid er villig). Ikkje heilt uventa, så gjekk tida fort for Rob og resten av Potter-Klanen. Tida rann ut og det var på tide å sette nasen sørover. Etter førstehands informasjon så var det pliktene i laboratoriet og på rugby banen som kalla - ellers så var det vel for å kome seg langt vekk frå Hild som snart sette nasen frå Køben til Wokingham. Hild hadde til då budd på hotell i sentrum av Køben. Ho har sagt at det var moro og lærerikt på mange måtar. Området rundt hotellet var heller suspekt, men med joggesko og ryggsekk var ein nokså trygg..... Diverse tilbod om såkalla 'restricted substances' var nær på å vippe Fru Hild av pinnen, men med breitt Valle mål- blanda inn med australsk slang - så forsvant det meste som dogg for sola. Etter to veker på kne i diverse danske institusjonar så hadde ho (og dei) fenge nok. Ho hadde så mykje datamateriale at det i ettertid har endt med kjøp av ny og større PC! (Det var iallefall hennar forklaring/unnskyldning).

Det var no Hild's tur til å utfordre Potter-Klanen i Wokingham, men som sagt så hadde Rob alt sluppe unna. Dette stoppa ikkje henne. Ho tok seg litt fri og sjølvsagt eit par handle dagar i London. Det kom som eit sjokk på alle at ho ikkje kjøpte noko som helst. Vonde tunger vil ha det til at ho ikkje hadde meir pengar att. (Når eg har konfrontert Hild med dette så har eg så langt ikkje fått noko klart svar, bare mumling og så ei rask unnskyldning om at ho er seint ute - og vekk er ho). Fem dagar med prating og sosiale samankome gjekk fort og brått stod ho på australsk grunn att. For fyrste gong på 2.5 år så hadde Hild organisert Europa turen på feil tidspunkt. Ho kom tilbake til Perth i mai - akkurat tidsnok til å få med seg den fyrste vinter dagen (typisk).

Vinteren forsvant i ei tåke av lab arbeid, PC trykking og fransk kurs. Det var ganske forvirrande her ei stund når Rob og Hild prøvde å legge engelsken til vekedagane, norsken til helgene og fransken til kveldane. Tru de meg når eg seier at det var ikkje eit vakker syn. Som venta varte denne planen ikkje mange timane, så gjekk det rett over til engelsk. Om ikkje fransk kunnskapane har auka etter fleire månadar på kurs, så har iallefall me alle saman fenge fleire spøkar å bidra med på diverse sammankomstar. Morosame ting skjer når ein prøver å blande språk, slik som når Rob blander norsk og fransk. I eit forsøk på å referere til diverse plagg på eit tilfeldig utvald objekt i klassen, presterte Rob og spørje om vedkommande hadde slips på seg. Vel, dette er ikkje så morosamt på norsk, men Rob brukte 'slips' i den franske setninga...ops... 'slips' på fransk tyder 'underbukse'! Det blei ein del latter og eit veldig raudt fjes (og det var ikkje Rob). Heller ikkje uventa etter denne episoden avslutta Rob og Hild fransk kurset på jakt etter nye uutforska marker.....

Neste offer av Herr og Fru Potter var PDA (Perth Diving Academy). Det var visstnok avtalen at dersom Rob kom med Hild på fransk kurs, så måtte Hild kome med Rob på dykkar kurs. Så iveg dei drog. Først segla dei gjennom helseprøva og første dagen med teori. Då fekk Hild det føre seg at ho hittil ikkje hadde sett folk på 20 meters djup, så det var nok ein grunn til det også. I jagt på forklaring, kom ho bare til den konklusjonen at det var nok best å halde seg fast i bassengkanten og ikkje sleppe taket. Dei fleste som såg spetakkelet meiner at ho var livredd og skrekkslagen, men Hild legg vekt på at slike ord ikkje eksisterer i hennar vokabular. Rob derimot storma vidare med teori prøve, dykking i badebasseng og i havet. Han måtte tilogmed sitte på botnen av havet og ta av seg alt dykkar utstyret og ta det på att etterpå. Ifølge Hild understreka dette bare vanviddet med det heile. Eg driv fortsatt å undersøker kva som hendte, men etter bare 6 veker så dukka Hild atter opp på PDA og tok dykkar sertifikatet som om ingenting hadde hendt. Saka er ikkje heilt klar, men noko må ha hendt sidan ho no kunne sjå seg sjølv med maske, luft og finnar på botnen av havet. Det var ein stor dag for Hild då ho fekk 'dykkar-lappen'. Men det heiter visst at PDA ligg no i tankar om å saksøke henne for nagle merka som ho etterlet seg i basseng kanten. Kjenner me Hild rett så ler ho nok bare alle slike trugsmål opp i fjeset.

No som dei båe har dykkar-lappen så er dei stadig vekk ute i vatnet. Rottnest er den store utferds plassen utforbi Perth i det indiske hav. Der kan de no finne dei mellom -20 til 0 meter med jamne mellomrom. Ettersom eg forstår så må de kanskje kome og finne dei for PDA gløymte å lære dei å navigere under vatn. Opptil fleire gonger har fram vorte bak og opp vorte ned - det heile er utruleg forvirrande. Hild har adoptert ein taktikk som seier at ein skal halde fast i ankeret på båten og ikkje sleppe taket (hugs basseng kanten), men det er jo betre enn ingen ting - fastheld ho.

Innimellom dykking og bittelitegrann jobbing/studering har det vorte tid til jolebakst. Frysen er no full av røykt lam (nei dei baka ikkje det), lefse til nepespaet og hardanger brau. Alt dette har dei stått i med i avvente av langvegsfarande til jol. Ann Kristin og Alvaro har skrapt saman tida for ei vitjing til Perth. Det heiter seg at dei vil stikke innom til Rob og Hild på jolemiddag. Det same skal Martin, Jackie og Sophie frå 'not-so-sunny-Wokingham'. Derfor skal dei her i Mill Point Road dekke opp med nepespa, lefse og røykt lam den 24. og kalkun, 'carrot 'n turnip' og 'roast potatoes' den 25. Einaste problemet no er at temperaturen kjem til å vere rundt 30 grader - så det får verte kald suppe og kalkun i staden. Det gode med det heile er at Hild og Rob har no fenge seg ei midlertidig oppvaskmaskin i Mill Point Road. Maskina har Nina som namn og kjem opprinneleg frå Bergen. Ho er på lån til midten av Januar. Ho har også nyss vorte ombygd frå ei rimeleg god saue-leitings-masking. Auu! Auu! Eg fekk nettopp no melding (rett over knokane) om at det skulle ikkje stå 'rimeleg god' i den seiste setninga, men 'eineståande og utruleg bra' - unnskyld.

Som de ser har året vore utprega av datamaskin bygging, reising, rugby, dykking og baking. Sjølv har eg sett det heile med eigne auger, og tipper eg rett så skjer nok det same - med visse endringar - til neste år også. Så håper eg at de har hatt eit like interessant år som Hild og Rob. Me får også håpe at jolefeiringa vert rimeleg bra sjølv om dei ikkje kan vere saman med dykk. Sjølv lader eg bare opp og håper at eg endeleg i år kan få eit skikkeleg jolebad - men det er vel små sjansar for det (statistisk sett).

Med beste helsing
Unit 23/89 Mill Point Road
desember 1996

Family page Family page
Back  |   Top of page  |   Forward