Family page Family page

1999
Reisekløe, rotløyse
eller
var det bare Potter/Rygnestad hushaldet?



Dette er ein liten rapport over korleis livet vårt har vore i 1999. Ikkje uventa dreier det seg mest om dei gongene me var på same plass, eller i alle fall på same kontinent! Og i den sammanhengen så har det vore eit godt år med totalt, når desember er over, fire samankomstar i Potter/Rygnestad hushaldet........

Det starta jo med ein forlenga nyttårsferie i København i januar, før Rob susa avgarde for å dekke store delar av det europeiske kontinentet. Han fekk samla forskningstroppane med å springe mellom potensielle samarbeidspartnarar i Danmark, Polen, Tyskland, Frankrike og Portugal - ja og så kom det vel med nokre Britar også. Etter den innsatsen vart den kontinentale linken i hushaldet broten då Rob for heim til Perth via ein årleg konferanse i San Diego, California.

I mellomtida hadde Hild fenge levert og godkjent den endelege versjonen av PhD avhandlinga si, noko som sikra ein tur til Perth i april - for å ta imot diplomet på den offisielle seremonien. Den turen vart sjølvsagt forlenga med besøk til kollagaer på universitetet og utallige samankomstar og grillfester med vener. Saknet etter varmare strok enn København, vart også lempa med mange turar til 'beachen' og ut i havet.

Det vart tid til fleire moro-turar i løpet av året. For eksempel, drog Rob og resten av rugbyklubben på turné i Singapore og Malaysia. Dessutan har Hild fenge seg fleire turar heim til Rygnestad i løpet av året. Først var det påska, så var det eit 10 års jubileum for gymnasklassen og så kom både Rob og Hild til Rygnestad på sommarferie i juni/juli. Då baud sjansen seg også så me fekk fjellturar på hesteryggen og rundtur på elgsafari - alt i regi av Valle Hest og Natursenter! (Adelheids verksemd).

For Hild sin del har ho også reist ein del i forbindelse med jobben. Fleire gonger har ho kryssa Danmark på forskellige møte mest på Jylland og Sjælland, men også nokre gonger på Fyn. Ellers er det ikkje så mykje pengar i reisekassen på jobben, og mykje av pengane vart brukt til å sende Hild og nokre kollegaar til Warsawa på konferanse. Det var verdt pengane, i alle fall for Hild som fekk mykje ut av turen både fagleg og sosialt.

Sjølv om ikkje Rob har vore så mykje på vitjing i København i 1999, så har Hild vore kjempeheldig med at andre har stukke innom på kortare og lengre opphald. Stort var det då Adelheid stakk innom i ei lang-helg i mars og då Olav og Janet kom i oktober. Mens Adelheid kom med fly frå Kristiansand, kom Olav og Janet over Hirsthals og Jylland med eit billass med Hild sine ting og tang. I ein alder av 28 år har Hild no endeleg flutt heimanifrå, og som eit resultat har dei no nok av plass på loftet på Rygnestad.

Det vart også mange veninnetreff i løpet av året. Først kom Nina innom i Jernbanegade i februar, medan Hilde-Gunn og Inga Beth kom på forskjellige tidspunkt i juni og november. Kirrily laga ein omveg på Europa-rundt reisa si for å helse på i september. Det same gjorde Amanda og Brian frå Perth, og det var ikkje slutt på Australia besøk med det, for i oktober kom også Patty og Nola forbi. Med allt det fekk Hild bevist kor viktig det var å ha ei stor leilegheit i midten av København: for å kunne ta imot folk og fe frå heile verda.

Ein kjedeleg ting var at, med unnatak av Rob, var det ingen av dei besøkande som stakk innom medan Tivoli var ope. Hild har ellers fortsete suksessen frå i fjor og utnytta sesongkortet sitt 100%. Sidan ho ikkje har hage i Jernbanegade tek ho ofte med seg avisa, krysser over Axeltorv og koser seg nokre timar på benkane i Tivoli. Og no som det er joletider att, så bruker Hild Tivoli for å kome i jolestemning: lys, nissar, dekorasjonar, boder med joleting og -tang og ein liten gløgg innimellom..... Rob er ikkje fornøgd med at han kjem forseint til København for å få med seg jolemarknaden i Tivoli i år. Til gjengjeld så skal Rob og Hild i Tivolis konsertsal nyttårskvelden for å oppleve 2dre akt av Flaggermusen!! Det vert nok ei stor oppleving og ein god måte å feire nyttår på - før me gjeng inn i det seiste året i dette årtusenet (og forhåpentlegvis det seiste året når hushaldet er spreidd over heile verda!).

Hild og Rob
desember 1999

Family page Family page
Back  |   Top of page  |   Forward