Family page Family page

Colorado juni og juli 2011



Tilbake til Rob og Hilds side   |   Klikk her for ein versjon som er lettare å printe

Nedanfor ser det eit lite utvalg av alle bileta me tok på ferien i Colorado. Det vart nok av bilete sidan me hadde 4 kamera på deling. Første delen av turen var ei vekes "roadtrip" i sørvest Colorado. Andre delen av turen var ei lita veke "heime" i Lakewood med handling, fyrverkeri (4th of July), bading, og anna.

Ankomst
Hege, Gry Hege og Hild på flyplassen Hege, Gry Hege og Hild kom fram til flyplassen i Denver seint på kveld og mest samtidig. Hild stod og stirra intenst rundt i folkemengdene på flyplasstoget for å sjå om jentene var i dei andre vognene.... og trur du ikkje dei stod rett frammom nasen på henne og ho såg dei ikkje før Gry Hege gav seg til å vinke og le!!

Vi var alle trøytte: Hege og Gry Hege kom frå Valle til Kristiansand til Oslo til Amsterdam til Minneapolis og endeleg framme i Denver. Hild kom frå Ottawa gjennom Chicago - som ein svipptur i forhold!

Ann Kristin var nok den einaste som ikkje var trøytt... så turen gjekk rett heim til huset i Lakewood der me fekk sove ut til eit stykke inn i Sundagen.
Roadtrip!
Gry Hege og Hege i baksetet   Ann Kristin køyrer   Hild tek ein pause frå navigeringa

Etter ein dag med handling for det nødvendige (incl. vatn, brus, juice, sko, og iPad) sette me leigebilen og nasen vestover mot Grand Junction. Ungdommen i baksetet og dei litt eldre framme med Ann Kristin bak rattet.

Som sagt, styrde ungdommen med underhaldninga (ved hjelp av iPod og iPad) medan Hild hadde diverse andre duppedittar å stri med: GPS, mobil, kamera, oppladar for all elektronikken og analoge kart.... ja det gjekk ofte litt i surr.
Ann Kristin og Hild i framsetet   Hege i baksetet med iPad   Gry Hege i baksetet med iPad

Aktivitetsnivået i framsetet var generelt "bla bla bla, ta til venstre her, bla bla bla". Aktivitetsnivået i baksetet var generelt "iPad, iPad, iPod, iPad, iPad, iPod, iPad, iPad, iPod"
Runaway truck ramp

Første dag med køyring såg me mykje moro inkludert fleire "runaway truck ramps" som er meir eller mindre bratte vegar - djupe med sand - slik at lastebilar utan bremser kan få stoppe i dei bratte fjellene i Rocky Mountains.
fjelltoppar omkring Frisco

Me fekk også ei lita innføring i dei mange og høge fjella i området - her omkring byen Frisco. Lake Dillon ligg i framkanten og fjella i bakgrunnen rekk mellom 10.000 og 14.000 fot over havet (3.000 til 4.300 meter).
Climax gruva   Climax gruva

Me køyrde også forbi Climax gruva som Ann Kristin har jobba på ei stund sidan. Me såg dei gamle avfallsdammane frå gruva som har vorte reinska opp så mykje att det no er fisk i vatna. Gry Hege oppdaga også skiltet om at der har vore frimurarar i området.
Utsikt langsetter vegen   Utsikt langsetter vegen

Det var ikkje akkurat grønt langsetter vegen... grus og stein eller is og snø....
På Independence Pass   På Independence Pass   På Independence Pass   På Independence Pass   På Independence Pass

Så kom me opp på den høgaste fjellovergangen på turen vår: Independence Pass (sjå høgaste punktet seinare på Pikes Peak). Hege og Gry Hege prøvde korleis det er å springe på 3.600 meter... dei vart godt nok tunge i pusten så me tok ein matpause med niste frå Subway.
       Blomar på Independence Pass   Blomar på Independence Pass   Blomar på Independence Pass

Uansett kor tørt og høgt over havet det var så fann Gry Hege mange fine blomar.

Link til Independence Pass foreininga

Taugbane i Aspen   Taugbane i Aspen   Taugbane i Aspen

Me stoppa i Aspen ei stund. Der tok Gry Hege og Hege seg ein tur opp taugbanen til toppen av fjellet. Vanlegvis står ein jo på ski her, men det er god utsikt om sommaren også. Ann Kristin og Hild var som vanleg ikkje så modige og gjekk istaden ein liten tur i byen og kjøpte seg noko å drikke på Starbucks.

Der stod også Hild for turens første (og største) flause då ho gløymde sekken/veska si på Starbucks. Heldigvis var det berre ærlege folk i byen den dagen og sekken stod like greitt der då ho kom springande tilbake 20 minutt seinare!!

Link til Aspen taugbane

Meir eller mindre tøffe bilar   Meir eller mindre tøffe bilar       Meir eller mindre tøffe bilar

  Meir eller mindre tøffe bilar   Meir eller mindre tøffe bilar   Meir eller mindre tøffe bilar

Det kom ofte store sukk og stønn og "Å sjå på den!!" frå baksetet når Gry Hege fekk auga på fine og tøffe bilar. Det var ikkje alltid dei var tøffe for det trengs mange hestekrefter til før dei er tøffe. Andre i bilen likte best Volvo, Toyota, og Ford Explorer....
Svømming i Grand Junction   Eting i Grand Junction

På hotellet i Grand Junction begynte me med ein tur i svømmebassenget - ein trend som kom til å forsette heile turen gjennom. Deretter drog me på ein italiensk restaurant der me fekk vanlege håndklede istaden for serviettar (!!!) og tallerknane var tjokkfulle av mat. Då såg me fort korleis ein må gjere i USA: ikkje et opp alt du får på tallerkenen for du kjem til å sprekke!
Colorado National Monument   Colorado National Monument   Colorado National Monument

Det var mange bilete å ta i Colorado National Monument ikkje langt frå Grand Junction. Vegen svingar skarpt og gjeng gjennom smale naturlege og unaturlege tunnellar. Det er bratt ned til botnen av canyonen og me stoppa mange gonger for bilete. Me var også heldige og fekk med oss ein Bighorn Sheep ver som stod oppe i himmelsynet. Det var godt at Hege hadde zoom linse på sitt kamera.

Link til Colorado National Monument

Rimrock Adventures ridetur   Rimrock Adventures ridetur   Rimrock Adventures ridetur

Rimrock Adventures ridetur   Rimrock Adventures ridetur   Rimrock Adventures ridetur

Gry Hege og Hege reiste på ein ridetur i området rundt Colorado National Monument (arrangert av Rimrock Adventures). Gry Hege reid på Butterscotch, Hege fekk Lightning (namnet sa ikkje noko om kor rask hesten var), og guiden hadde favoritten sin: Princess. Det var ein veldig varm dag med 38 grader i sola - så då blir jo dei fleste litt solbrendte. Nok ein gong var tantene kjedelege. Me helsa på dei lokale søte hundane og så fann me ein plass med airconditioning der dei kunne kjøpe iskrem.

Link til Rimrock Adventures

Hild i Ouray   Gry Hege i Ouray   Hege i Ouray

Ei natt budde me på Twin Peaks motel i Ouray (uttala "Youray"). Der hadde dei både svømmebasseng og hot springs så tre av oss brukte ein del timar på det ja... badenymfene i aksjon.

Link til Best Western Twin Peaks Lodge and Hot Springs

Old Hundred gruvetur- Utan regnfrakkar   Old Hundred gruvetur- Med regnfrakkar

Old Hundred gruvetur   Old Hundred gruvetur   Old Hundred gruvetur. Do på hjul!

Så tok me turen til Old Hundred gull gruva utanfor Silverton. Me fekk sjå diverse gruveutstyr, korleis dei drilla, sprengte, fekk steinmassen ned frå tunnellane ovanfor der me var, og så fekk me sjå ein do på hjul! (seiste biletet)

Hild trudde at denne gonga skulle ho endeleg tørre å gå inn i gruva. I fjor måtte ho gje seg og la Ann Kristin dra utan henne for den vesle heisen som gjekk 300 meter rett ned vart litt vel skummel (Molly Cathleen gullgruve i Cripple Creek). I denne Old Hundred gruva skulle me bare sitte på eit tog og køyre 500 meter horisontalt inn i fjellet. Det gjekk for Hild - Hurra!!

Link til Old Hundred gruva

  Mesa Verde Lodge   Mesa Verde brannskada tre

I Mesa Verde parken budde me på motellet inne i parken. På biletet kosar Hild seg på balkongen. Det var moro å prøve sjølv om standarden var litt låg, veggane syltynne (naboane var ikkje gode vener...), og vinden plystra godt i glaskarmen heile natta. Stilig var det likevel med god utsikt - også mot områda som hadde gjenge med i diverse skogbrannar opp gjennom åra.
  Mesa Verde Cliff Palace   Mesa Verde Spruce Tree House   Mesa Verde nede i ein Kiva

Me fekk sjå dei fantastiske bygningane som indianarane hadde bygd inn i fjella. Nokre såg me berre på avstand som den store Cliff Palace, men me klatra ned i Spruce Tree House og tilogmed heilt ned i ein Kiva som er anten eit opphaldsrom eller også ein plass der dei hadde spesielle seremoniar.

Me lærte mange interessante ting om korleis indianarane levde først oppe på flatene som bønder fra 500 til 1100 bc. Då var dei opp mot 3000 folk og maatte flytte ned i klippehusa dei bygde for å kunne bruke all jorda til landbruk. Så var det visst ei veldig tørke omkring 1200 talet og då forsvant dei frå dette området og trekte sørover.

  Mesa Verde bratte stigar i Balcony House   Mesa Verde Gry Hege som Junior Ranger   Mesa Verde Gry Hege som Junior Ranger   Mesa Verde Hild held seg godt fast

Dessutan var Gry Hege og Hild med på ein tur ned i Balcony House. Der var det fleire bratte og lange stigar som måtte forserast. Me måtte også skvise oss gjennom eit par smale og mørke tunnellar og opp trapper gravde ut i fjellveggen. Me var heldige for indiarane i si tid hadde ikkje mykje meir enn små hol på storleik med finger og tær for å klore seg fast i på opp- og nedturen.

Gry Hege melde seg frivillig og blei utpeika til Junior Ranger på turen ned i Balcony House. Ho måtte hjelpe med å leie vegen, gå først opp stigane og gjennom tunnellane. Ho fekk tilogmed eit lite Ranger-skilt og applaus frå dei andre som var med. Det var moro.

Link til Mesa Verde

  Pagosa Springs   Pagosa Springs   Pagosa Springs

Me stoppa i Pagosa Springs for å kose oss nokre timar i varmekildene deira. Eg trur me hadde minst 15 små basseng å velge mellom. Kvart basseng har plass til omkring 5-10 folk. Temperaturen varierte mellom 30 og 45 celsius (90 og 114 fahrenheit). Gry Hege og Hege likte seg best under 37 grader men det var jo moro å prøve dei veldig varme også. Hild fekk seg mange dukkertar ho også medan Ann Kristin fekk lest store delar av boka si frå sin fine plass under ein parasol.

  Pagosa Springs   Pagosa Springs

Her sit jentene og "kosar" seg i 45 celsius vatnet og trur de ikkje Hege så hoppa ut i den iskalde elva ved sidan av!!! Ho er tøff altså!

Link til Pagosa Hot Springs

    Royal Gorge   Royal Gorge   Royal Gorge   Royal Gorge

Me stoppa ved Royal Gorge og gjekk over denne vendens høgaste hengebru. Det er 320 meter ned til Arkansas elva i botnen. Me tok eit tog ned fjellsida til botnen. Dessutan tok Gry Hege og Hege ein gondolbane over canyonen også. Ann Kristin og Hild gjekk tilbake same vegen dei kom - over brua.

  Gry Hege på Skycoaster   Gry Hege på Skycoaster   Gry Hege på Skycoaster   Gry Hege på Skycoaster

Denne gonga var det Gry Hege til å vere modig. Ho våga seg opp i det dei kallar ein Skycoaster. Det er som ei stor huske som dei binder deg fast is og så svinger dei deg fram og tilbake mange gonger ut over den 320 meter djupe canyon utanfor!! Det var visst moro som de kan sjå og høyre på videoen her:




Link til Royal Gorge Bridge

  Cactus i Royal Gorge- juli   Cactus i Royal Gorge- april   Bison i Royal Gorge

Kaktusane stod i full blomst i motsetning til korleis akkurat den same kaktusen såg ut då me var her i april. Dessutan såg me også bisonar, meir sauer, ekorn, og kolibri fuglar.
  Flying W Ranch   Flying W Ranch Flying W Ranch

  Flying W Ranch   Flying W Ranch

Me reiste på ein chuckwagon-dinner på Flying W Ranch ikkje langt frå Manitou Springs (og Colorado Springs). Der fekk me servert cowboy mat på blikktallerkenar og drikke i blikkoppar. Me fekk bønnar, bakt potet, valg av oksekjøtt eller kylling, eplemos, biscuit (som ein bolle), og krydderbrød. Det var ein effektivt og velorganisert serveringsstad for dei klarte å få mat på tallerken til 995 folk på 30 minutt. Me vart grundig instruerte i korleis ein skulle gjere i køen og så gjekk det radigt unna. Det var god mat med påfølgande underhaldning av Flying W Wranglers med ordentleg cowboy musikk.

Link til Flying W Ranch

     Pikes Peak   Pikes Peak   Pikes Peak

Neste dag tok me eit tog opp fjellsida på Pikes Peak. Det gjekk seint men godt slik det bør gjere når det er så styggeleg bratt - og då me endeleg kom opp på toppen så var det ikkje mykje me orka å gjere. Det er så fint lite oksygen på 4.300 meter over havet! Dette vart turens høgaste punkt så nokre bilete fekk me før me snudde og kom ned att med toget.

Link til Pikes Peak Cog Railway

     Air Force Academy   Air Force Academy   Air Force Academy

På vegen heim til Lakewood så stoppa me på Air Force Academy. Me fekk med oss ein liten film om det å gå på AFA i Colorado Spring. Og me svingte også bort til den berømte kyrkja som ser så stilig ut, og stog også og kikka litt på dei heilt nye rekruttane som hadde begynt berre få veker sidan.

Link til Air Force Academy

     Hege and Ann Kristin building jigsaw puzzle   Gry Hege har moro med iPad   Dogs getting dinner

Når me endeleg kom heim frå køyreturen så var me heller slappe alle saman. Me trengte litt avslapping med å bygge puslespel og leike på iPad-en til Gry Hege.... men ikkje før Hundane fekk litt mat.
  4de juli i Lakewood   4de juli i Lakewood

Same kvelden klarte faktisk Gry Hege, Hege, Alvaro, og Ann Kristin å samle ihop nok krefter til å reise på fyrverkeri i anledning nasjonaldagen 4de juli. Det var visst moro med funnel cake (kake mest som smultringar) - men det fekk altså ikkje Hild med seg...


Kart over Waterworld Etter at Hild reiste heim til Ottawa så hendte det visst ein del meir, men dei bileta har eg ikkje (endå). Det dreide seg mykje om handling/shopping, og bading på det gedigne Waterworld, og bowling - og pakking for Gry Hege og Hege måtte også snu nasen heim etter to moroe veker på tur. Mykje aktivitet og mange minne samla og nokre færre kroner i lommene - slik skal ein god ferie vere.

Link til Waterworld


Hild
juli 2011

Family page Family page

Back  |   Top of page  |   Forward