Family page Family page

Hild på besøk i Norge att!

Denne gonga litt lengre tid enn vanleg...
(sjå også om heimturen i 2007)

Tilbake til Rob og Hilds side

Ah! Endeleg skulle eg få vere litt lengre i Norge enn vanleg. Etterkvart har ein typisk tur heim vara i omkring ei til to veker. Det er jo ikkje så mykje når ein skal besøke dei fleste og ha litt tid til å slappe av og nyte det heile også. Så denne gonga vart det heile ei veke i Oslo, og fire og ei halv veke på Rygnestad... ja og så hengte eg ei ei og ei halv veke i England på til slutt! Fantastisk, ikkje sant? Det gjeld jo å utnytte fordelen med å kunne ta med arbeidet sitt kvar enn ein er.

Forutan å skulle besøke folk og fe så skulle eg også til intervju på den amerikanske ambassaden i Oslo og sjå om dei ikkje ville gje meg eitt nytt visa. Det ville jo vore greitt sidan eg ellers ikkje kunne dra tilbake til USA att... ingen grunn til panikk for 'det gikk jo bra jo, så rart' i dei berømte orda til teddybjørnen Teodor.

Her er nokre bilete av allt det som føregjekk i februar, mars og april 2004 - i vår del av verden i alle fall:

FØRST GJEKK TUREN TIL NORGE
OSLO
Utsikta frå Inga Beth og Ståles veranda på huset dei bygger nord for Oslo. Knut og Ståle viser kor gode dei er til å snikkere - her i trappa opp til andre etasjen. Inga Beth er like god - her med målepensel og balanseevner!

Tiril var også med og hjelpte mamma og pappa som best ho kunne... Det er moro å hjelpe, og det er moroare å leike. Ståle underheld Tiril og Inga Beth.
Tiril var også med og hjelpte mamma og pappa som best ho kunne... Det er moro å hjelpe, og det er moroare å leike. Ståle underheld Tiril og Inga Beth.
HEIETUR
Bjørnar bidreg med øksa si.  Dette treet skal ned - snart... Adelheid lagar pølsepinnar. Heldigvis var det tid til litt leik og moro før bålet var varmt nok til å steike pølser.
Heldigvis var det tid til litt leik og moro før bålet var varmt nok til å steike pølser. Gry Hege på runsa. Bjørnar bidreg med øksa si. Dette treet skal ned - snart... Adelheid lagar pølsepinnar.
ARBEID
Janet vaskar toyotaen. Så tok me ein pause... Hild og Janet i solveggen i Systog. Neste jobb: Janet vaskar Postman Pat bilen.
Det er godt når sola varmar om våren. Det var tilogmed varmt nok for bilvask. Janet vaskar toyotaen. Så tok me ein pause... Hild og Janet i solveggen i Systog. Neste jobb: Janet vaskar Postman Pat bilen.
Hild som avløysar hentar silo med grabben. Med greip og litt muskelkraft så får sauene mat. Så til slutt er alle sauene fornøgde og gomlar iveg på siloen.
Hild som avløysar hentar silo med grabben. Med greip og litt muskelkraft så får sauene mat. Så til slutt er alle sauene fornøgde og gomlar iveg på siloen.
Olav arbeidde ofte med å restaurere eit loft på Straume. Her ein liten pause i arbeidet, Bjørgulv og Olav. Hild jobba mykje med sitt på datamaskina men det er altså for kjedeleg å visa med bilete...
Olav arbeidde ofte med å restaurere eit loft på Straume. Her ein liten pause i arbeidet, Bjørgulv og Olav.
Olav, Janet og Hild arbeider ved langbordet i Systog.           Olav, Janet og Hild arbeider ved langbordet i Systog.
Olav, Janet og Hild arbeider ved langbordet i Systog.

Hild har datamaskin, Janet skriv slektstavler på 'skroll' og Olav held seg til papir og blyant.
SAUEKLIPPING
Jock frå skottland i full gong med å klyppe ein sau. Bjørnar og Adelheid lukkar sekkane med ull.
Jock frå skottland i full gong med å klyppe ein sau. Bjørnar og Adelheid lukkar sekkane med ull.
Ein av verane før han er klypt. Ein sau etter at ho er klypt. Alle sauene her er klypte - unntagen ein.
Ein av verane før han er klypt. Denne likar godt å bli klødd på hovudet - då gjeng halen fram og tilbake i vill fart! Ein sau etter at ho er klypt. Denne heiter "vralta" fordi ho er gamal og gjeng ikkje så godt lenger. Alle sauene her er klypte - unntagen ein, som skal på slaktebilen om ikkje så lenge fordi ho ikkje er drektig... Ho skjønar det nok ikkje - lykkeleg uvitande!
Bjørnar med sauen sin, Loco. Bjørnar med sauen sin, Loco. Bjørnar med sauen sin, Loco.
Bjørnar med sauen sin, Loco. Ein veldig snill og tolmodig sau - ikkje slik som namnet ville tilseie...
VEDEN SKAL I HUS
Olav starter opp motorsaga og tek fatt på den store haugen med hun. Hild tek over motorsaga ei stund. Så er det på tide med ein pause i solveggen.
Olav starter opp motorsaga og tek fatt på den store haugen med hun. Hild tek over motorsaga ei stund. Så er det på tide med ein pause i solveggen.
Olav hiver ferdigkappa ved inn i vedskulet i Systog. Olav legg alt inn på å få ei trillebåre full av ved opp til vedskjulet. Olav tek ein pause til i solveggen medan Hild heng i.
Olav hiver ferdigkappa ved inn i vedskulet i Systog. Olav legg alt inn på å få ei trillebåre full av ved opp til vedskjulet. Olav tek ein pause til i solveggen medan Hild heng i. Det var ikkje heilt rettferdig (NB! Biletet er arrangera).
DYRA PÅ GARDEN
Fuglehunden Heidi på spasertur, men ho vil heller springe rundt enn å gå i band. Sauehunden Lissie var også på tur og ikkje heilt så vidtfarande. Kaninen Trampe kjem ikkje så langt - før han lærer å hoppe ut av buret sitt.

Hestane kosar seg i sola og kjem vandrande når fotografen nærmar seg. Bella er den mest nysgjerrige av dei alle. Thuva poserer for fotografen - 'Dette er den finaste sida mi'...
Hestane kosar seg i sola og kjem vandrande når fotografen nærmar seg. Bella, Juni og Thuva. Bella er den mest nysgjerrige av dei alle. Thuva poserer for fotografen - 'Dette er den finaste sida mi'...
PÅ TUR
Bjørnar og Janet går tur frå Rygnestad til Åsen.  Då er det godt å ha stavar å stø seg på! Åraksøyne (ikkje så) internasjonale flyplass... Janet, Hild og Olav på Åraksøyne crossbane.
Bjørnar og Janet går tur frå Rygnestad til Åsen. Då er det godt å ha stavar å stø seg på! Åraksøyne (ikkje så) internasjonale flyplass... I alle fall har dei brøytt han opp! Janet, Hild og Olav på Åraksøyne crossbane - med konkurransementalitet.
Valle og vesteheia sett frå Brottveit.
Valle og vesteheia sett frå Brottveit. Strålande vårver slik som me helst vil ha det på tampen av vinteren!!!
SÅ GJEKK TUREN TIL ENGLAND - ST. IVES I CORNWALL
SEGLING
Medan andre båtar kantra og trong hjelp frå redningsbåten, segla 'Blue Moves' utover i vika. Litt våtare og litt kaldare kom dei tilbake til hamna... dei tippa dei og til slutt. Martin og Rob trekker 'Blue Moves' opp frå vatnet... phu det er hardt arbeide!
Medan andre båtar kantra og trong hjelp frå redningsbåten, segla 'Blue Moves' med Martin og Rob utover i vika. Litt våtare og litt kaldare kom dei tilbake til hamna... dei tippa dei og til slutt men det har me ikkje bilete av fordi Liz og Hild gjekk på handletur i staden for å følge nøye med! Martin og Rob trekker 'Blue Moves' opp frå vatnet... phu det er hardt arbeide!
Martin og Rob rigger ned båten på stranda. Liz gjeng ned på stranda for å sjå om Martin og Rob treng hjelp... Det er viktig å spyle båten for saltvatn og sand før ein parkerar han att.
Martin og Rob rigger ned båten på stranda. Liz gjeng ned på stranda for å sjå om Martin og Rob treng hjelp... Det er viktig å spyle båten for saltvatn og sand før ein parkerar han att.
Martin og Daniel må gjere nokre mindre justeringar til 'Blue Moves' før startskotet gjeng. Rob er mannskap ombord 'Little Miss'. Enno ein dag på sjøen.  Startskotet har gjenge og båtane får opp farten.

Og så er det same strevet med å få båtane opp på land - denne dagen var fjøra låg og då er det langt å dra båten. Nokre får hjelp av traktoren, andre må sveitte og puste og pese - slik som Martin og Rob... Phu, endeleg har dei nådd tørr sand.

Simon, Sophie og Liz står med kikkert for å følge med på selginga i St. Ives. Liz på tur ned til stranda. Rob, Magnus og Martin på stranda i Carbis Bay.
Simon, Sophie og Liz står med kikkert for å følge med på selginga i St. Ives. Liz på tur ned til stranda. Rob, Magnus og Martin på stranda i Carbis Bay.
Martin viser fram ein båt han er med på å restaurere i Falmouth. Charlie, Sophie, Jackie lytter etter når Martin forklarer restaureringsprosessen. Eit eksempel på fine utskjeringar til ein annan gamal båt - HMS Warrior frå 1860.

Og etter alt det så gjekk turen heim att til Ithaca. Det var ein lang tur gitt. Moro med husbygging i Oslo, saueklipping på Rygnestad, skigåing med pølsesteiking, vedkapping, fjøsstell, gåturar, køyreturar, avslapping heime på Rygnestad (litt arbeide også), segling og påskefeiring i St. Ives... på tide med ein ferie etter ferien trur eg!

Hild Rygnestad
May 2004

Family page Family page

Back  |   Top of page  |   Forward