Family page Family page

Eit bryllaup og litt ferie - august 2008



Tilbake til Rob og Hilds side   |  English Version


Endå eit bryllaup i 2008. Denne gonga gjekk turen heimatt til Valle for å feire at Inga Beth og Ståle gifta seg. Då passar det jo også godt å besøke familie og vener i området. Me hadde 10 dagar med tid til moro på Rygnestad og nærliggande område...

Tveitetunet museum
Tveitetunet museum.
Tidlegare lensmannsgard der Olav Knutsson Tveiten (1758-1837) budde.
Tveitetunet museum.
Garden vart brukt til tingsamling og til arrest - no er det museum med litt gardsarbeide til utstilling.
Tveitetunet museum.
Rob sjekker om hesjene er tørre.
Sightseeing rundt omkring forskjellige vatnkraftsdammar...
Me reiste på dagstur til forskjellige vatnkraftsdammar i området: Først til Bossvatn og innover til Blåsjøen, forbi Hovden og Haukeligrend til Songa dammen. Deretter hadde me ein pause med middag i Rauland før me sette nasen heimover gjennom Åmot og Dalen. Me legg ut berre nokre av bileta som vist på kartet. Tur nordover.
Bossvatn.
Olav fortel historia om Bossvatn til Rob. Som du kan sjå så er det er eit godt år for revebjelle i år (digitalis).
Bossvatn.
Nye kraftlijer er p[ veg opp som ein del av Otra vatnkraftverk - Agder Energi. Me telgde minst 13 arbeidarar klatrande rundt i masta!!
Bossvatn.
Me fekk også sjå helikopteret i aksjon. Meir om Agder Energi her: klikk her
Blåsjøen.
Landskapet inn mot Blåsjøen er kjempemessig.
Blåsjøen.
Hild er kald og har lånt ei fleece jakke for dagen.
Blåsjøen.
Ja, vatnet er faktisk blått - som namnet seier...
Blåsjøen.
... og Hild si tå vart også blå etter "vasseturen"!
Blåsjøen.
Rob sitt bad var meir ein handvask (pyse).
Blåsjøen.
Janet såg på - og brukte kikkerten for å sjå reinsdyr i horisonten (utan hell)
Ingen reinsdyr, bare ein gjeng med dovne geiter. Geiter.
Songa dammen.
Etter at me betalte bompengane køyrde me opp den smale og svingete vegen til Songa dammen. Fin utsikt att... og me prøvde å finne reinsdyr her også (utan hell att)
Songa dammen.
Dammen sett frå nedsida -
Songa dammen.
- og dette holet ser litt skummelt ut, men det høyrer visst med til designet!
Middag på Rauland.
Me stoppa på Rauland for å feire Olav sin 70års-dag med middag. Den eigentlege dagen er ikkje før i November, men me tok han på føreskot.
Gåve.
Olav viser fram gåva frå alle oss ungar og barnebarn.
Gåve.
Gåva er to boksar med drill bit og plug kuttarar - spesialverktøy han vil bruke til å fikse kvisthol i materialen...
Sightseeing med ferje på fjorden (Lysebotn - Lauvvik)
Sightseeing med ferje på fjorden.
På veg til Lysebotn.
Me kosa oss med ein rastestopp på Øygardstølen med utsikt over Lysebotn.
På veg til Lysebotn.
Rob kikker ned på brygga i Lysebotn - der me skal ned.
På veg til Lysebotn.
Den svingete vegen ned til Lysebotn med 27 skarpe svingar!
På veg til Lysebotn.
Overheng med utsikt til Lysebotn.
På veg til Lysebotn.
Hild ser ikkje så veldig glad eller trygg up på overhenget.
På veg til Lysebotn.
Olav og Rob likar utsikta godt.
Lysebotn.
Frå Lysebotn brygge ser Rob tilbake opp fjellskråninga til Øygardstølen.
Lysebotn.
Utsikta frå brygga i Lysebotn.
Lysebotn.
Turistar strevar med å kontrollere ein fisk dei har fanga på brygga i Lysebotn.
Rob.     Rob og Olav.     Janet.

Turistane sit klare til avgong frå Lysebotn. (Rob prøver å finne eit trådlaust nettverk!!??)
Kjerag.     Kjerag.
Kjeragbolten er fantastisk å sjå og stå på, og nokre vågale folk BASE-hoppar frå platået også!
Kjerag.
Ein BASE-hoppar med mod men med spesielt fargevalg på fallskjermen (ROSA).
Kjerag.
Båe hopparane overlevde denne gonga og landa på den vesle plenen nede ved fjorden.
Kor nærme kan me kome?     Kor nærme kan me kome?     Kor nærme kan me kome?

Kapteinen prøvde å kome så nærme på fjellveggen som mogeleg
for å skremme turistar og vise kor djup fjorden er (fleire hundre meter)
Plukker opp fleire reisande.     Plukker opp fleire reisande.

Me måtte stoppe ved ei lita brygge å ta ombord fleire reisande, og måtte ta i bruk ein liten stige!!!
Preikestolen.    Preikestolen.
Me såg også i den berømte Preikestolen - med hjelp av kikkert kunne me sjå at folk sat og dingla med føtene over kanten på fjellet! Veldig skummelt!!
Bru og tunnel.   Bru og tunnel.
Typisk norsk... ei bru gjeng rett inn i fjellet på ein sving i vegen. Her trengs gode ingeniørar.
Ein lite og isolert plass.
Det er vanskeleg å tru at nokon kunne bu her!
Bare eit båthus.
Og plutseleg eit lite båthus og ikkje noko anna.
Me køyrde av ferja i Lauvvik på andre sida av fjorden frå Forsand. På vegen heim stoppa me til deileg ribbemiddag i Oltedal. Me fann ut då me kom heim at det regna som berre det i Oltedal etter at me hadde reist, og vegen vart stengd medan folk vart evakuerte. Me kom oss ut akkurat i tide!!!
BRYLLAUPET
Det var eit fantastisk bryllaup og Inga Beth og Ståle hadde planlagt det så godt.

Inga Beth stillte i stakke med brudeskur (men skifta seinare til meir praktisk og lettare kjole) medan Ståle kom i sin bunad. Tiril og Eivind, ungane, hadde også på Setesdalsstakke og +skinnfu.

Bryllaupet vart halde i historiske (og vesle) Bykle Kyrkje. Kyrkja kan huse 100 folk og me fyllte ho heilt opp. Middagen og festen var på Bykle Hotell. Ein masse oppfinnsame og artistiske gjester underheldt med fleire talar, rap-song, og eit utvalg PowerPoint visingar. Me hadde laks, hjort, molter, mange kaker, og kjøtsuppe midt på natta - for å halde festen gåande, liksom.
Bryllaupet. Bryllaupet.
Fleire gjester kom i bunad så det vart mange fargar rundt omkring.

(Merk: Hild hadde ikkje på bunad sidan han har på mystisk vis krympa over åra!!!)
Tiril og Eivind som brudepike og brudesvenn for foreldra sine.
Bryllaupet.
Seremonien sett ovanifrå.
Rob og Hild sette seg oppe på galeriet sjølv om par ikkje bør gjere det - i følge tradisjonen.
Bryllaupet.
Bruda og brudgommen ønsker gjestene velkommen.
Bryllaupet.
Bruda og brudgommen danser som dei er så gode til.
På Rygnestad
Gry Hege.
Gry Hege på den nye cross-sykkelen sin. (Stolt og fattig som ho sjølv seiers...)
Gry Hege og Bjørnar.
Gry Hege og Bjørnar med sykklane sine.
Bjørnar.
Bjørnar på sin sykkel.
Bjørnar.
Bjørnar visar fram krisgsscenene han har designa og laga i gofa sin verkstad.
Bjørnar.
Bunkerar, elver/innsjøar, gravlund...
Bjørnar.
Bjørnar arbeider med krigsscenene sine - her eit avansert utsiktstårn.
Gry Hege.
Gry Hege ute på ridetur.
Bjørnar.
Plutseleg var Bjørnar oppe på taket ... som vanleg...
Fontene
Janet si fine og innvikla fontene er koseleg å ha i hagen.
Rob med sauer.
Rob klør sauene.
Olav gjev kraftfor til lamma.
Olav gjev kraftfor til lamma i ei ete som er laga slik at vaksne sauer ikkje får fatt i maten.
Nam nam nam.
Nam, nam, nam.

Rob & Hild
august 2008

Family page Family page

Back  |   Top of page  |   Forward