Familie sida Familie sida

Rob og Hild's hjørne på 'webben'



English version

Rundt og rundt og rundt:
Me kan ikkje anna enn like Columbus Circle.

Columbus Circle - Verdens navle!?
Columbus Circle
Verdens navle!?
Utsikta mot Frihetsgudinna.  Kenna, Alyssa, Hild, Rob og Brandon.
Utsikta mot Frihetsgudinna.
Kenna, Alyssa, Hild, Rob og Brandon.

Denne turen frå nord i staten New York til byen av alle byar var ikkje så spontan som han kunne ha vore. Alle av oss er relativt spontane på ein normal dag, men når det er tale om ein baseball kamp på Yankee Stadium så må ein planlegge i førevegen - langt i førevegen. Den opprinnelege planen tidleg om våren var å sjå Yankees spele mot Mets - eit lokaloppgjer - men der var ikkje bilettar att (i alle fall ikkje i vår prisklasse). I mai klarte me endeleg å få tak i bilettar for å sjå Yankees spele mot Boston Red Sox - i september. Og når alt kjem til alt så var det ein god ide fordi dei to laga er nummer ein og to i ligaen (dessverre er Rob sitt lag, Mets, allereie ute av kampen denne sesongen).

Brandon, Alyssa, Kenna, Rob og Hild - vi skvisa alle fem inn i ein liten Toyota Corolla som heiter Yogi. Me reiste frå Ithaca og fem timar seinare fann vi oss sjølve forvirra og litt forvilla i Harlem. Etter nokre raske høgre og venstre svingar stoppa Rob frammom hotellet vårt på Central Park West. Hotel roma var heller små og ein øydelagt heis og vannlekasje i sprinklarsystemet hjalp ikkje akkurat. Men det var ekstra poeng for ein nyoppussa, flisebelagte og veldig reine baderom. Me sette vekk Yogi i ein nærliggande og typisk New York City garage, der ein trur ein køyrer bilen inn i eit normalt hus til ein ser heisen som tek bilen opp til ukjente etasjar oppover i huset. For $20 (150 kroner) for ein dags parkering var me klare til å utforske Manhattan til fods og med offentleg kommunikasjonsmiddel.

Vårt pass til undergrunnen!
Vårt pass til undergrunnen!

Me brukte eit par dagar på å suse opp og ned og på tvers av Manhattan - på jakt etter moroe ting og tang. Sidan Manhattan er ein stor og vid plass så var me flittige til å bruke dagskort ($4 eller 30 kroner) på undergrunnen og bussane. Me hadde diverse naviasjonsproblem og av ein eller annan grunn så reiste med gjennom Columbus Circle stasjonen gong på gong: På veg downtown frå uptown for å sjå oss om; På veg uptown gjennom Circle når me skulle ha reist downtown (anten fordi Hild er "an uptown girl" eller fordi ho var svært forvirra); På veg downtown og så på tvers gjennom Columbus Circle fordi Central Park låg i vegen; På veg downtown frå midtown men først uptown fordi me viste best korleis ein kjem seg frå Columbus Circle. Me hadde mange meir eller mindre gode forklaringar - no heiter det at der er ein mustein med namna våre på utanfor Columbus Circle...

Oksen på Bowling Green.
Oksen på Bowling Green.

Dessutan nemner me også at ein alltid må vere på vakt for ekspress tog i undergrunnen. Desse toga var raske til å forkle seg som vanlege lokale tog som ellers stoppar på alle dei stasjonane ein vil av på. Alyssa og Hild trudde dei var eineståande då dei reiste med toget frå, ja du gjetta rett, Columbus Circle og 59th Street, til 125th Street, skifta til eit lokalt tog for å kome tilbake til 103rd Street akkurat tidsnok men litt for seint for å sjekke ut av hotellet. Det viste seg at Kenna, Brandon og Rob gjorde mest det same då dei reiste frå 34th til 125th Street, skifta til eit lokalt tog for å kome tilbake til 103rd... Great minds think alike! (eller gjer dei same dumme feila!). Lærdomen var: stol ikkje på instinkta dine eller på nummeret/bokstaven på toget, og ikkje ta raske avgjerdsler. Gjer heller som alle lokale folk: spør togføraren om hjelp og råd.

Wall Street og Broadway - Me var der!
Wall Street og Broadway - Me var der!
Empire State Building - På toppen med utsikt oppover!
Empire State Building -
På toppen med utsikt oppover!

Sjølv om me brukte undergrunnen mykje så pressa meg også beina til det ytterste. I regnet vandra me rundt på Fifth Avenue, Broadway, Times Square, 42nd Street og ein heil haug av ting innimellom. Me hadde tid til å handle litt klede og meir mellom besøka til "Ground Zero", Wall Street, Battery Park for å sjå Frihetsgudinna og så Empire State Building. Me handla genser på Century 21, sminke, klokke og FUBU klede på Macy's, og kosedyr på FAO Schwartz. Viss måndag ikkje hadde vore Labour Day så hadde me handla mykje meir og lengre enn det.

Den største positive overraskinga, særleg for Rob, var å kome til toppen av Empire State Building. Alle saman beundra utsikta, som var fantastisk sjølv om det regna. Me kunne sjå så mange ting og landemerke på Manhattan. Det var veldig sterk vind så høgt oppe. Vinden tok fatt i Yankees hatten til Rob, heldt hatten hengande i lufta over Kenna akkurat ute av rekkevidde. Me trudde hatten var missta for alltid. Heldigvis fanga det høge gjerdet hatten så me kunne fange han att. Før me reiste frå bygninga svingte me innom NY Skyride. Det hadde vore moro viss det bare var ein film som flaug over og gjennom gatene i New York, men så byrja det å rykke i stolane og det vart heller voldsomt. Underhaldning i dette landet ender ofte opp med å vere litt overveldande for oss utlendingar.

Empire State Building - Ei overskya utsikt mot Sør Manhattan og Jersey City.
Empire State Building -
Ei overskya utsikt mot Sør Manhattan og Jersey City.

Medan me traska rundt på Manhattan prøvde me heile tida å bere minst mogeleg i hendene. Så me tok med oss Rob og Helly Hansen jakka hans. Denne jakka er no berømt for å kunne halde så mykje. På eit tidspunkt på turen hadde Rob dette i lommene sine: eit by kart, ein penn, ei refleksbrikke forma som ein katt, bilettar til Empire State Building, ein liten radio med øyretelefonar, ei pakke tyggegummi, ein halv bagel (for Kenna), ein halv pretzel (for Hild), rom nøklar til hotelromet, eit kamera, ein ekstra film, tre brus flasker, og ein liten hund. Utruleg!!

Der er ein tin ein alltid må gjere når ein er i New York: gå på coffee shops... så det gjorde me også. Sidan Kenna og Hild ikke likar kaffe måtte dei andre fint finne seg i at dei bestillte te og kakao på Starbucks. Så var det alle dei deilege lunsjane og middagane me hadde. Me tenker tilbake på den restauranten (diner) på Broadway ikkje langt frå Times Square. Så var me på Hard Rock Cafe på Broadway og 57th Street og ein liten men utruleg god pizza restaurant på Broadway og 104th Street. Uansett kvar me var nyta me store smørbrød, gigantiske steaks, uendelege salatar, extra store pizzaar, høge burgerar, og djupe supper - nam! På eit tidspunkt utbraut Brandon: 'Kvifor gjev dei alltid Hild salatar som er støre enn hovuded hennar?'. Og det er sant for her i USA er ikkje salatar laga for folk på diett...

Det som er tilbake av Yankee Stadium billettane.
Det som er tilbake av Yankee Stadium billettane.
Rob, Kenna, Alyssa og Brandon på Yankee Stadium.
Rob, Kenna, Alyssa og Brandon på Yankee Stadium.

Etinga forsette då me kom til Yankee Stadium. Me hadde spart opp nok pengar til å ha råd til å ete $3.75 pølser (28 kroner) og $4 brus (30 kroner). Sjølv om det var litt dyrt så var pølsene så gode at me hadde to kvar. Så var der cracker jacks (toffee popcorn), iskrem og Krispy Kreme smultringar (sjølv om dei hadde blå og kvite Yankee farga strø på). Øl og sprit selgarane kom forbi stolane våre fleire gonger utan nytte. Der var så mange ting på gong at det var vanskeleg å fokusere på kampen. På storskjermen viste dei ofte folk frå publikum som "galna" seg og hadde det moro. Hild var letta at kameraa ikkje zooma inn på deira vesle gruppe på fem. Ein av publikumsfavorittane på storskjermen var ein liten 7-åring som dansa og dansa som bare det.

Action på Yankee Stadium.
Action på Yankee Stadium.
Storskjermen viser at Soriano slo ein 'homerun'.
Storskjermen viser at Soriano slo ein 'homerun'.

I mange småpausar kom folk up for å reparere banen i det konstante regnet. Dei la ut sand i små haugar og så spreidde det ut med store raker. Det imponerande og underhaldande var at folka med rakene gjekk i mønster og i takt med musikken. Publikum heia høgt og lenge då folka gjekk i takt til Village People's YMCA - særleg når dei la ned rakene og gjorde arm bevegelsane Y - M - C - A... na na na na na na na... Y - M - C - A. Det var eit hødgepunkt på turen.

Eit anna høgdepunkt var då Soriano slo eit "homerun" for Yankees. Sjølv om Red Sox vann kampen til slutt var publikum heilt i hundre! Overraskande nok så såg også Hild Sorianos "homerun". Ho har ei spesiell evne til å gå glipp av slike viktige ting når ho er på kampar (ho hugsar fleire 6 poengarar på Australske cricket banar og ein haug med rugby skåringar). Baseball er ein god publikumssport spesielt på grunn av alle dei små pausane med underhaldning på høgtalarane og på storskjermen. I ein 40+ minutts regn pause hadde me det moro med gamle baseball filmklipp. Eit klipp heitte "the killer kitten" der me såg banefolka fly rundt på jakt etter ein liten katt. Sjølvsagt vann katten fleire gonger - biting og kloring til alle som kom for nærme...

Så var det heile over. Me stabla oss inn i Yogi att og sette nasen heimover - medan me song songer me kunne og ikkje kunne heile vegen heim. Me landa i Ithaca dei vanlege fem timane seinare. Sjølv om det var midnatt fortsette Kenna, Brandon og Alyssa vidare til Watkins Glen for å finne sine eigne senger etter ei moro, lang, spanande og slitsam helg i storbyen.

august/september 2002



Familie sida Familie sida
Tilbake  |   Toppen av Sida  |   Framover

Web design av Hild Rygnestad
Sist oppdatera juli 2010