Family page Family page

Jol 2009 og Nyttår 2009/10



Tilbake til Rob og Hilds side   |  English Version


Rob og Hild var ivrige til å hoppe på flyet frå Ottawa til Denver for å feire jol og nyttår saman med Ann Kristin, Alvaro, Valeria, Nibaldo, Tigger, Austin, and Reina. Dei tok tilogmed sjansen på å parkere bilen ute ved sida av flyplassen i Ottawa (meir om dette nedanfor).

Her er nokre bilete som me tenkte du ville like å sjå.


ALLE SAMAN!
Alle til bords.

Alle saman sit til bords (frå venstre til høgre): Hild, Rob, Ann Kristin, Alvaro, Valeria, og Nibaldo.
Glade hundar. Glade hundar. Glade hundar.

Glade hundar (frå venstre til høgre): Tigger, Austin, og Reina - tok fort over alle møblane.
Tigger sovna. Austin sovna. Reina sovna.

... men dei var ikkje alltid like energiske. Dei seier at det er best å la hunden sove - og det var då heilt utruleg så mykje desse hundane søv!!!
Hytta i Estes Park
Hytta vår var fin og hadde alle moderne installasjonar. Altså ikkje ei slik norsk hytte som me voks opp med (utan vatn og elektrisitet). Hytta i Estes Park hadde to bad med dusj/badekar, kjøkken med gasskomfyr, kjøleskåp, oppvaskemaskin, og mikrobølgeomn. Og så var der også ein fin peis. Hytta vår. Hytta vår.
Utsikt frå hytta vår. Utsikt frå hytta vår - hundane er på luftetur. Utsikt frå hytta vår - eit veldig kaldt tre.

Som du kan sjå så var utsikta frå hytta veldig fin. Sidan det var slik ein bitande kald vind ute nyta me heller utsikta frå sofakroken. Me reiste frå hytta berre når det var heilt nødvendig: for å lufte hundane og når Nibaldo og Valeria følte trong til å ut på ski att.
Rob danser 'YMCA'. YMCA statue.

Me leigde hytta frå YMCA (= KFUM) ... så Rob brukte sjansen til å danse Village People's berømte song Y-M-C-A. Utanfor administrasjonsbygninga fann me og ein statue med ungar som dansa same Y-M-C-A dansen. Me vart ikkje heilt einige om kven som gjorde jobben best.
Aktiviteter på hytta
Luftetur for hundar.

Turens største utfordring: Få hundane til å gjere frå seg - både stort og smått... så me gjekk og gjekk og gjekk ....
Luftetur for hundar.
... og gjekk og gjekk ...
Luftetur for hundar.

... og gjekk og gjekk...
Tigger post-poop. Austin post-poop. Reina post-poop.

.... og alle hundane var mykje gladare nå dei endeleg fekk det til. Ingen liker å gå 2 dagar i strekk utan hell, vel?! (he he he)
Matlaging.

Rob laga som vanleg kalkunmiddag - medan Hild såg på.
Lese teikneserie.
Nibaldo slapper av med "Condorito" eit chilensk teikneserieblad.
Heimelaga skjerm.
Rob og Hild stelte istand ein heimelaga skjerm for å sjå film. Dei brukte laken, gardinstong, hårspenner, sikkerheitsnåler, legoklossar, og Nibaldo sitt førstehjelpsskrin. Neste dag fekk Ann Kristin YMCA til å levere ein ordentleg skjerm til hytta vår... luringen.
Frokost. Kjesking. Middag.

Frokost, kjesking, middag, kjesking... repeter viss nødvendig...
Posole suppe. Kalkun. Jole kake.

Dei tre hovudkategoriane av mat: Suppe, kalkun, og kake.
Spelar Ricochet Robots.
Rob, Hild, og Valeria likte godt å spele Ricochet Robots. Det er god trim for hjernen. Spelet er vanskeleg å få tak i men ein kan spele det på internett på: www.ricochetrobots.com.
Sjå spesielt korga med alle søtsakene. Korga er fyllt med godsaker spesielt dei som kom heilt frå norge: melkesjokolade, dundersalt, seigmen, marsipangrisar, nonstop. Der var sååå mykje og det tok oss heil ferien å ete det opp! (Tusen takk går heim til Mamma som sendte den digre boksen)
Legobygging.
Kven sa at lego berre er for ungar? Rob og Hild arbeidde intenst med å finne ei brun brikke med tre knastar og glatte sider me ein knott på høgre skulder... kommunikasjonsevner vart sett på prøve. Merk spesielt at dei følgde instruksjonsboka i staden for å bruke fantasien.
Ferdig legoby.
Så var legobyen ferdig.
Poker speling.
Ann Kristin, Alvaro, Rob, og Hild byrja å spele poker - Texas Hold'em typen - på hytta .... og dei stoppa ikkje før året var omme! Dei lærte fort alle uttrykka: 'the flop', 'the turn', and 'the river'.
Kurvfletting. Puslespel.

Valeria og Ann Kristin fletter korger til joletreet. Alle andre var også med på å bygge puslespel når me kom tilbake til Lakewood. Eit av desse puslespela var ein stor drage. Utfordringa var at puslespelet ikkje hadde beine kantar. Rob og Hild lova å gjere det ferdig før dei reiste, men til slutt gav dei seg og overlet ansvaret til Valeria, puslespel-dronninga.
Ann Kristin hadde teke med seg alt ein trong for å dekke til bords jolekvelden. Ho hadde tilogmed laga små jolenissesokkar som me kunne legge bestikket i! Middagsbordet står klart. Små sokkar til kvar og ein.
Etter middag hengte me opp sokkane våre på peisen i håp om at jolenissen, på engelsk vis, ville svinge innom den natta - og neste morgon fann alle saman litt ekstra sjokolade i sin sokk!! Hurra! Sokkane heng klare for jolenissen.
Skiturar
Nibaldo. Valeria. Nibaldo.
Nibaldo gjer klar skiene sine i Estes Park. Det er viktig å halde energinivået vedlike på slik ein iskald dag!
Rob i Keystone.
Rob kosa seg på sin første utforbakke på denne sida av Atlanteren. Han var stolt over kor flink han var i dei bratte utforbakkane i Keystone i Rocky Mountains.
Utforbakke i Keystone.
Valeria og Nibaldo - dei ivrigaste skigåarane i familien - fekk seg mange dagar i utforbakkane i Rocky Mountains. Denne gonga var dei i Keystone med Rob. Valeria i Keystone. Valeria og Nibaldo i Keystone.
Tilbake i Lakewood
Etter at me kom tilbake til Lakewood hadde me mange planar både for arbeide og moro. Me bygde mykje puslespel og spela Nintendo Wii. Me reiste også på to populære restaurantar i Denver: The Fort serverer mange eksotiske kjøttrettar i Wild-West stil (Klikk for websida deira). Me åt hjort (nordamerikansk 'elk'), bison, og vaktel (quail), me prøvde ikkje klapperslange, beinmarg, eller Rocky Moutain østers (det er eigentleg bison testiklar).... kremt kremt.... The Fort restauranten.
Sjå kor nærme peisen Ann Kristin klarte å lure seg!
The Fort restauranten.
Merk deg bisonen på veggen med nisselue på.
... og så var me på "the Melting Pot" som er ein fondue restaurant (Klikk for websida deira). Me begynte med to typar ostefondue til å dyppe brød, frukt og grønsaker. Så fekk me ein salattallerken kvar. Deretter kom hovudmåltidet - ein fondue med kjøttkraft og ein med olje. My dyppa kjøtt, kylling, reker, poteter, sopp og anna godt. Endeleg avslutta me med to forskjellige sjokoladefonduar der my dyppa frukt og små kakebitar. Det var deilige saker gitt! Me er veldig takknemlege at dei ikkje laga store porsjonar så me drog ikkje heim med mageknipe alle mann. The Melting Pot restauranten. The Melting Pot restauranten.
Bowling.
Så prøvde me å brenne av nokre av kaloriane med bowling. Det vart mykje moro og mange latterkuler når kulene våre gjekk i øst og vest og ikkje så veldig beint at det gjorde noko.
Bowling.

Merk deg kor like sko me har og ikkje så fasjonabelt at det gjer noko heller!
Bowling.

Ann Kristin sjokka oss alle med fleire 'strikes' med venstrehanda. Ho påstod at ho måtte spare høgrearmen for å kunne ete fondue... som alltid så legg ho gode framtidsplanar.

Kald retur til Canada. Me hadde ein deileg ferie att. Takk til Ann Kristin, Alvaro, Valeria, Nibaldo, Tigger, Austin, og Reina. Me kom tilbake til flyplassen i Ottawa og fann bilen parkert under ei snøfonn. Under snøfonna fann me også at isen låg 1-2 cm tykk over heile bilen. Det var ei smal sak å lausne isen frå bilen - men ikkje frå frontruta. Det hadde klaka så godt fast at me øydela isskraparen vår og måtte bruke spaden for å få av resten!!! Etter 30 minutt og ei heil kanne med spylerveske så fekk me det laust og køyrde heim. Då var det langt over midnatt. Me var gjennomvåte men heldigvis var det berre -10 grader utan vind. Så me forta oss heim, hoppa i dusjen, hoppa til sengs, og sov som steinar til langt på dag. Det var godt å vere heime att.

Rob & Hild
januar 2010

Family page Family page

Back  |   Top of page  |   Forward