Family page Family page

Overraskelse for Janet og Olav!

Tilbake til familie sider

English version
Endeleg var me samla att på Rygnestad - alle saman!

Me ville feire Olav and Janets 40nde bryllaupsdag i tillegg til Janets fødselsdag.

Det heile byrja omkring joletider i 2002. Nokon kasta frampå ideen og planane forma seg sjølv om me ikkje sette noko faste datar. Me visste berre at me ville reise til Rygnestad og feire Janet og Olavs sin 40nde bryllaupsdag i tillegg til Janets fødselsdag. Det var lurt av dei å gifte seg på fødselsdagen hennar for då er det mykje lettare for alle partar å minnast merkedagar. Me visste ikkje då at me kom til å feire enno ein fødselsdag på Rygnestad

Medan Rob og Hild organiserte billettar i mars var Kristin og Alvaro modige og venta til billeg billettane kom nærare til avreise datoen. Det var perfekt timing for Rob og Hild fekk endeleg bruk for 'frequent flyer' poenga som dei hadde samla opp med Qantas på turar mellom Europa og Australia. Men som Eisenhower sa: 'Planning is essential but all plans are useless'. Til slutt måtte Rob fly til Kenya for å arbeide ei veke før me skulle reise, og så måtte han reise rett til København derifrå. Kristin måtte også arbeide i Romania eit par veker før festen og kom direkte derifrå til København. Alvaro heldt seg til den opprinnelege planen og flaug inn frå Denver, og Hild kom inn frå Ithaca. I tillegg hadde me fleire familiereisande og festdeltakarar: niesa til Alvaro, Paulina, og kjærasten hennar, Nicolas, var allereie på rundtur i Europa og kom med toget til København for å møte oss. Så du kan sjå at trass i kaoset så byrja planen å kome i orden - utan at Janet og Olav mistenkte noko som helst.

Faren var alltid overhengande at Janet og Olav ville planlegge å reise vekk på ferie så me trengte ein beredskapsplan eller to. Adelheid var spion for oss. Ho lytta etter for å finne ut om Janet og Olav hadde reiseplanar. Og for å gjere planen meir sikker fekk me hjelp frå Rob sine foreldre. Viv og Rich hadde ei stund gjenge med planar om å feriere i Norge denne sommaren, og me fekk dei med på tidsplanen vår. Dei spurte om dei kunne kome på besøk til Rygnestad den viktige helga 15-17nde august. Det var slik at me fekk ein større fest å feire for Viv har fødselsdag den 16nde. Ei trippel feiring!!!

Det var sååå vanskeleg å halde planen hemmeleg og me prøvde å begrense kommunikasjonar berre til e-post i staden for vanskelege telefonsamtalar. Adelheid hadde verste jobben: halde det hemmeleg for Janet og Olav kvar dag! Til slutt måtte Adelheid mest stoppe å stikke innom i Systog for å ikkje seie noko gale og sleppe katten ut av sekken. Viv ville simpelten ikkje ringe i tilfelle ho kom til å seie noko gale.
Ein forfriskande drikk og kvile på Rådhuspladsen i København. Det er viktig å gå i Tivoli, men Det Gylne Tårn er berre for dei aller modigaste (i.e. Paupi og Nico). Kveldstid i Tivoli, Alvaro, Hild, Kristin, Paupi og Nico.

I Tønsberg me fekk med oss dei viktigaste elementa i norsk kosthald. I mellomtida samla me oss i København for å leige bil og køyre heim til Rygnestad. Me fann ut at det var mykje billegare enn å leige bil i Norge, dessutan fekk Hild og Rob sjansen til å helse på vener og ex-kollegaer, og Hild fekk ordna nytt USA visum. Det var uansett nokre produktive dagar. Endeleg kom avreisedagen og me sette snuten nordover den 14nde. Paupi og Nico tok toget og me møttest opp att i Tønsberg. Der skaffa me dei aller viktigaste elementa i norsk kosthald: Kjøttkaker med poteter og saus, sjokolade pudding og vaniljesaus, og Solo (sjå foto).

Etter ei natt på hotell i Tønsberg reiste Paupi og Nico vidare med tog til Kristiansand og deretter med buss opp Setesdal til Valle og Rygnestad. Kristin, Alvaro, Rob og Hild stoppa litt på Verdens Ende i Tjøme, Vestfold. Det vart tid for mimring for me var ofte på camping tur der då me var små.
Verdens Ende.
Verdens Ende - mykje betre enn namnet tilseier!
Kiosken på Verdens Ende. Det svært gamle fyrtårnet der dei løftar eit bål opp i været i ei korg!! Det er så fint her og barndomsminna kom fort tilbake til Kristin og Hild.
Kiosken på Verdens Ende. Det svært gamle fyrtårnet der dei løftar eit bål opp i været i ei korg!! Det er så fint her og barndomsminna kom fort tilbake til Kristin og Hild.
Måkene heldt auga med oss... Rob finn ut at vatnet ikkje er varmt nok for ein svømmetur! Kristin og Alvaro tester om vatnet er varmt nok for ein dukkert (svar: NEI).
Måkene heldt auga med oss... Rob finn ut at vatnet ikkje er varmt nok for ein svømmetur! Kristin og Alvaro tester om vatnet er varmt nok for ein dukkert (svar: NEI).
Då me kom til Rygnestad fann me eit lam vandrande langsetter vegen på galne sida av gjerdet. Viv og Rich ser på - endeleg er det ikkje hemmeleg lenger.
Då me kom til Rygnestad fann me eit lam vandrande langsetter vegen på galne sida av gjerdet. Viv og Rich ser på - endeleg er det ikkje hemmeleg lenger.
Olav lager ein 'T' så me kan spele 'T-ball'. Viv, Rob og Rich fekk arbeidet med å blåse opp ballongane. Hild hengte opp ballongane omking middagsbordet.
Olav lager ein 'T' så me kan spele 'T-ball' for Bjørnar og Gry Hege fekk baseball hanske og balltre. Viv, Rob og Rich fekk arbeidet med å blåse opp ballongane. Hild hengte opp ballongane omking middagsbordet.
Gry Hege og Janet lagar salat. Hild og Janet pyntar bordet. Adelheid styrar grillen medan Rob er tilskodar.
Gry Hege og Janet lagar salat. Hild og Janet pyntar bordet. Adelheid styrar grillen medan Rob er tilskodar.
Rob åpner champagnen. Rob serverer champagnen. Bordet er klart med godteposar, namneskilt og champagneglas.
Rob åpner champagnen. Rob serverer champagnen. Bordet er klart med godteposar, namneskilt og champagneglas.
Janet og Olav med champagne. Skål!!! Gry Hege, Janet og Bjørnar med brus.
Janet og Olav med champagne. Skål!!! Gry Hege, Janet og Bjørnar med brus.
Nam Nam Nam - Alle nyter middagen. Nam Nam Nam - Alle nyter middagen. Nam Nam Nam - Alle nyter middagen.
Nam Nam Nam - Alle nyter middagen.
Håvard og Viv forsyner seg av buffeten. Viv og Janet si kombi-kake. Kakebordet.
Håvard og Viv forsyner seg av buffeten. Viv og Janet si kombi-kake. Kakebordet.
Underhaldning av Alvaro og Rob og kven som ellers ville vere med.    Alvaro og Rob spelar og syng.
Underhaldning av Alvaro og Rob og kven som ellers ville vere med.
Meir underhaldning frå Alvaro - sokkar på øyro for Gry Hege og Bjørnar.    Hild kan ikkje underhalde men ho er veldig god til å 'slam-dunk' sjokolade kjeks i te...
Venstre: Meir underhaldning frå Alvaro - sokkar på øyro for Gry Hege og Bjørnar.

Høgre: Hild kan ikkje underhalde men ho er veldig god til å 'slam-dunk' sjokolade kjeks i te...
Kristin og Hild et middag. Janet, Adelheid og Håvard et middag. Olav og Rob et middag.
Kristin og Hild et middag. Janet, Adelheid og Håvard et middag. Olav og Rob et middag.
Paupi og Nico et middag.    Alvaro, Rich og Viv et middag.
Paupi, Nico, Alvaro, Rich og Viv et middag.
Gry Hege spelar på bongo trommer. Bjørnar spelar på bongo trommer. Bjørnar gjer seg klar for å spele T-ball.
Gry Hege spelar på bongo trommer. Bjørnar spelar på bongo trommer. Bjørnar gjer seg klar for å spele T-ball.

Så reiste me alle opp på fjellet for å gå ein tur - til Voglumtveit. Det var ein regntung dag så me var glade for at Adelheid hadde ei hytte me kunne søke ly i.
Richard, Rob, Hild og Viv griller pølser på bål på Voglumtveit. Rob, Viv, Janet, Kristin, og Bjørnar griller pølser på bål på Voglumtveit. Bjørnar, Adelheid, Paulina, Nicolas, og Olav griller pølser på bål på Voglumtveit.
Richard, Rob, Hild og Viv griller pølser på bål på Voglumtveit. Rob, Viv, Janet, Kristin, og Bjørnar griller pølser på bål på Voglumtveit. Bjørnar, Adelheid, Paulina, Nicolas, Olav griller pølser på bål på Voglumtveit.
Grilla pølse med speiderbrød.  Grilla pølse med speiderbrød - eit utmerka eksempel visast her.
Grilla pølse med speiderbrød - eit utmerka eksempel visast her.
Rich grillar pølse.  |   Rob, Viv og Janet nyter maten.  |   Alvaro, Paupi og Nico griller marshmallows

Klikk på lenkene ovanfor for å sjå action-film av den koselege atmosferen me hadde omkring bålet.
Alle saman utanfor hytta på Voglumtveit. Nico, Kristin, Rich, Viv og Paupi utanfor hytta på Voglumtveit. Spydkast konkurranse på Voglumtveit.
Alle saman utanfor hytta på Voglumtveit. Nico, Kristin, Rich, Viv og Paupi utanfor hytta på Voglumtveit. Spydkast konkurranse på Voglumtveit.
Rob kastar spyd på Voglumtveit. Nico kastar spyd på Voglumtveit. Rich kastar spyd på Voglumtveit.
Rob, Nicolas og Rich kjempar hardt i spydkonkurransen på Voglumtveit. Det er fortsatt uklart kven som vann og kva premien var...
Dei glade vandrarar reiser frå hytta på Voglumtveit. Ein einsam sau på Voglumtveit. Olav og Rob på Voglumtveit.
Dei glade vandrarar reiser frå hytta på Voglumtveit. Ein einsam sau på Voglumtveit. Olav og Rob på Voglumtveit.
Trøytt på Vasstøyl. Rob, Paupi og Nico. Mest tilbake med bilane - på Vasstøyl. Tilbake med bilane på Vasstøyl.
Trøytt på Vasstøyl. Rob, Paupi og Nico. Mest tilbake med bilane - på Vasstøyl. Tilbake med bilane på Vasstøyl.
Viv og Rich måtte heim att til England, go dei skulle reise med båt frå Stavanger. Det var eit godt høve til å fylgje dei litt på veg. Me la iveg den 18nde i konvoi med 3 bilar: Viv, Rich, Olav, Janet, Alvaro, Nico, Paupi, Rob og Hild. Det er ein spanande veg frå Valle til Stavanger særelg fordi vegane er VELDIG smale og fordi sauene ikkje har forstade kor farleg det er å ligge midt i vegen når det kjem bilar farande!
Sauene samlast alltid omkring Janet. Paupi prøver å sleppe unna presset! Alvaro taler med sauene.
Sauene samlast alltid omkring Janet. Paupi prøver å sleppe unna presset! Alvaro taler med sauene.
Heile konvoien nyter middag i Kveven. Viv og Rich reiser frå konvoien vidare til Stavanger og England. Me bygga ein vennskapsvarde.
Heile konvoien nyter middag i Kveven. Viv og Rich reiser frå konvoien vidare til Stavanger og England. Me bygga ein vennskapsvarde.
Nico, Paupi og Alvaro plukkar blåber på Bjørnevatn. Sjå!  Dei fann til og med molter!!! Der er alltid tid til ein kvikk pølsefest.
Nico, Paupi og Alvaro plukkar blåber på Bjørnevatn. Sjå! Dei fann til og med molter!!! Der er alltid tid til ein kvikk pølsefest.
Tid for avreise - på gjensyn til Systog... ... og på gjensyn til Oppistog... ... over fjellet ... over Oslofjorden på ferja....
Tid for avreise - på gjensyn til Systog... ... og på gjensyn til Oppistog... ... over fjellet ... over Oslofjorden på ferja....
... køyre gjennom kjedelege Sverige... ... og endeleg tilbake i København så me kunne få ei etterlengta kartofelkage kvar (det er ikkje potet, meir som ein vannbakkels). Så kom seiste kvelden.  Tilbake heim til USA!  Solnedgong på Kastrup flyplassen.

Det var ein fantastisk tur. Overaskelsen var hemmeleg heilt fram til seiste minutt. Perfekt! Det einaste me angrar på er at me ikkje fekk meir tid til å besøke folk. Vel vel, neste gong får me prøve å ha litt fleire dagar til overs - om ikkje så altfor lenge!

Hild & Rob, 2003

Family page Family page

Tilbake  |   Toppen av sida  |   Framover