Family page Family page

Rob and Hild's "bit of the web"



English version English version

Eit Skiftande År

Me har hatt eit veldig spanande år - til forvirring for alle, også oss sjølve!
Me skifta kontinent (2 gonger), me gjorde eit karriereskift (kvar) og me skfita syn på "leige kontra kjøpe".
- dette var Rob og Hilds 2001 -



Skifta kontinent

Endå før årtusenskiftet var halve flyttelasset vårt på veg frå Australia til Danmark. Det var over 2 år sidan Hild tok første halvdelen same veg. I januar kom boksane fram og endeleg skulle me bu saman på same kontinent, i same land, og til og med i same by! Planen var å vere i København - Hild som arbeidshest og Rob som husfar. Så ringte dei frå USA, og i mars for heile flyttelasset over dammen til USA. Nytt kontinent og ny start. Endeleg skulle me finne ut av om amerikanarane er som dei er skildra på TV (sålangt ser det "lovande" ut).

Me flytta frå sommar-Perth til regn/vind-København til Ithaca, femtimar nordvest for New York City. Korleis er været her? Sjølv om me er på same parallell som Sør-Frankrike og berre nokre få hundre meter over havet så ligg Canada nærme med mykje kald luft. Samtidig sender Florida varm luft frå sør. Saman med fuktig luft frå "the Big Lakes" ender me i teorien opp med ein masse "Lake Effect Snow". Med stor forventning har me skaffa Fisher ski, Rottefella bindingar, Alpine sko og SWIX stavar og voks. No skuldar vener oss for at det er desember og snøen ikkje har lagt seg over Ithaca. Typisk!!!

Skifta karriere

Etter 14 år ved laboratoriebenken har Rob sett seg frammom computeren. No leitar han rundt i heile verda etter kvan som har patent på kva innanfor landbruket.

To bord til høgre sit Hild og lagar internett sider og databasar - etter 7 år som økonom. Så ikkje bare har me samla oss på same kontinent men også på same kontor...

Rob vil fortsette nokre år (viss dei finn pengar) med å hjelpe u-landa å finne ut av det der med intellektuell eigedomsrett - så kan dei landa også dra nytte av nye teknologiar. Hild vil no leite etter enno eit karriereskift - kanskje tilbake til økonomien, viss amerikanarane vil ha henne...

Skifta syn

Me har så langt halde oss til å leige husvære rundt omkring i verda. Gleda med det lå i fleksibilitet og fridom og grunnen låg ofte i for få spare-kroner. Resultatet var smertefri og kvikk flytting frå Perth og sidan København - utan bindingar som huslån og skattevesen.

Synet vårt har skifta med eit godt hus-tilbod og ein stram leigemarknad (høge leigetakster) i Ithaca. Me har skrive under på ein haug med papir og eig likevel ikkje mykje meir enn ein mustein - så langt. Rob er i hundre for han har lov til å lage hol ti lå henge ting på veggane. Han har også pådrege seg ein vaksande måne (på grunn av huslånet seier han). Hild tenker på om ein kanskje skulle slå ned ein vegg eller fire for å få til nokre større rom... søk dekning!

På tross av huskjøp har me ikkje slege oss ned i New York - for dei som var nervøse for det... Me ser på det som eit forskningsprosjekt over korleis det amerikanske systemet fungerer.

Etter årsskiftet

Me feira vår første Thanksgiving med Ann Kristin, Alvaro, Erik og Sigbjørn - utan ein einaste amerikanar i sikte (les meir om det her). Etter ein liten førjolstur til Boston med Erik og Jol/Nyttår på ski i Ithaca, vender Rob tilbake til swiftt kontoret medan Hild flyr ut på arbeidsmarknaden.

desember 2001






Family page Family page
Back  |   Top of page  |   Forward

Web design by Hild Rygnestad
Last updated July 2010