Olav og Janets plass på Internett
Gratulerer med dagen og bryllaupsdagen 15 August 2002
|
Janet Lilian Pottinger |
Olav Hallvardson Rygnestad |
||||||||||||||||||||
Janet Lilian vart fødd 15 august 1934 i Lerwick, Shetland. Foreldra hennar var Margaret Pottinger (fødd Halcrow) og Thomas Christie Pottinger. Ho hadde tre søsken: Adelaide, Gilbert og Oliver. Janet gjekk på skule i Lerwick og var aktiv i fleire sportar: svømming, friidrett og landhockey. I fleire tilfelle representerte ho Shetland i konkurransar! I to år studerte Janet barnepleie i Edinburgh, Scotland, og arbeidde seinare i England. Ho var også eitt og eit halvt år i Cleveland, Ohio. Der arbeidde ho som au-pair for familien Shiverick med to ungar. Turen over til USA og tilbake gjekk med dei fantastiske skipa QEI og Queen Mary. Janet reiste over på turistklasse, men med hjelp av kontakter til første klasse fekk ho likevel sjansen til å nyte luksusen ombord med svømmebasseng og det heile! På midten av 60-talet vart Janet kjent med nordmannen som var kaptein på den norske Redningsbåten på den tida, Peder Fjørtoft. Dermed kom ho til Ekkelsøy utanfor Kristiansund på besøk til han og kona Johanne. Då var også vegen lagt til at Janet fekk enno ei au-pair stilling - denne gong i Trondheim. Der arbeidde ho for Knut og Inger Rygnestad. Barna, Gyro Mathilde og Tarjei, tok godt imot Janet og var hjelpsame så ho kunne lære det nye språket.
|
Foreldra til Olav heitte Hallvard O. og Kristi Rygnestad. Hallvard Olavson var fødd 17 september 1907 og Kristi var fødd Homme den 20 mars 1909. Fordi det var mange med same namn var det vanleg å ta sin fars initial som mellomnamn - slik at Olav vart Olav Hallvardson Rygnestad. Hallvard og Kristi fekk fire ungar. Olav og tvillingsøstera Gudrun vart fødde 14nde November 1938. Deira eldste søster, Guro, var fødd to år før - den 3 oktober 1936 og yngstemann, Torgrim, kom til verda fleire år etter - den 11 august 1951. Olav byrja på folkeskulen på Flateland i Valle i 1946 og gjekk der i 7 år. Han kan ikkje minnast så mykje frå krigen, men minnest at han vart alltid redd når tyske soldater kom. Ei historie minnest han. Ein dag var det razzia i området og tyskarane leitte etter dynamitt og skytevåpen. Familien visste at far hadde dynamitt på låven. Heldigvis vart det ikkje funne. Dei var alle saman veldig redde, for viss dei hadde funne dynamitten hadde dei arrestert og teke far vekk. Frå 1954 til 1955 gjekk Olav på folkehøgskulen Fredtun i Larvik. Han var der saman med tvillingsøstera Gudrun. Det var deira første tid borte frå heimen på Rygnestad. I 1957-58 studerte Olav på møbellinja på Blakstad yrkesskule på Froland. Det var eit gjevande år som var med på å inspirere Olav til å arbeide vidare som snekkar i lang tid. I 1958-59 var Olav i militæret på Evje og han var også utstasjonert i Nord Norge ei tid. Det var ei lite gjevande tid. Dette vart mange lange og tunge månader, særleg dei i Nord Norge. Om sommaren var det mygg over alt og om vinteren var det "bikkje-kaldt". Olav minnest godt slagordet til kapteinen (sjefen) deira: No er det slutt å henge i mors skjørtekant, alt for Norge. Etter militærtjenesta (1959-60) gjekk Olav på Bygland Jordbruksskule. Det var starten på Olav si tid som bonde. Ved sida av arbeidet på garden jobba han også på vatnkraftverk anlegget til Øvre Otra. |
||||||||||||||||||||
Sommaren 1962 kom ei ung Janet på besøk til Rygnestad i saman med familien Knut, Inger, Gyro Mathilde og Tarjei Rygnestad frå Trondheim. Knut var bror til far til Olav. Olav og Janet vart fort kjende med kvarandre og så var det gjort. Janet sa "JA" og flytta til Rygnestad året etter. Ho vart dermed den første engelsktalande personen i Valle. Det var modig gjort av henne.
Frå denne tid vart det travelt for Janet og Olav med jordbruk (mange sau og nokre mjølkekyr), skogbruk, møbel- og hyttebygging i blant. Sjå HER for meir bilete av alle dyra på Oppistog Rygnestad - gjennom tidene. I juni 1964 kom Ann Kristin til verda - første dattera, og to meir skulle det kome. Adelheid kom i januar 1967 og til slutt Hild Lilian i feburar 1971. Då var det heile i godt gjenge (Klikk HER for å sjå bilete av ungane). Etter å ha gjeve over gården til Olav og Janet i 1966 flutte Kristi og Hallvard til Mosby (utanfor Kristiansand). Der budde dei resten av sine år. Ettersom ungane veks til var det travelt på garden på Rygnestad. Janet sauma klede, strikka klede, baka kaker (sjå kaker HER)og laga mat. Ei stund hadde ho også arbeidet med ein handfull mjølkekveg. Det var travelt også med ungar på slep! Om sommaren var det højslått og siloslått. Om hausten var det saueleiting i fjellet før paring opp mot jol. Både Janet og Olav var aktive i saueavlslaget og værringen, så mykje av november og desember gjekk med til å køyre værar rundt frå gård til gård i Valle. Om våren kom så alle lamma somme tider samtidig med våronna med pløging, såing, gjødsling og vedhogging til neste vinter. Full sirkel - år på år. Når dei ikkje køyrde værar så var det jentene som skulle køyrast på syklubb, musikkorps, 4H klubb eller sundagsskulen. Janet var også aktivt med og spela orgel på sundagsskulen og heime på Rygnestad. Det var sundagsstemning når orgelet kom i gong! Janet var også aktiv medlem i styret på Valle Handelssamlag i fleire år, og tidleg på 90-talet tok ho også opp ein jobb i butikken. Det var hardt men moro arbeide og meir sosialt samver enn det ein kunne få til dagleg på Rygnestad. På 1970 talet var det aukande inntresse for husflid og treskjering i Valle. Olav var heldig og fekk Håkon Nygård frå Lårdal som lærar på fleire kurs. Han var ein framifrå lærar. Etter dette vart treskjering Olav sin hobby. Som Olav seier det så burde alle ha sin SNEKKERBOD (mest som Emil på Lønneberget!). Å lage eitt eller anna er livsglede for Olav. På 1980 talet samlast godt vaksne menn til kokkekurs. Likestillinga hadde då også kome til Valle. Olav lærte å lage mange ting som å koke poteter, bake brød, lage vaffelkaker og pannekaker. Dei laga til og med diverse desertar og sukkerbrø og pynta det til blautkake. Seist men ikkje minst så lærte dei å lage brunsaus! Det var vanskeleg det. Han måtte ta i bruk sil for klumpane var mange og store!! Stemninga stod i taket under kurset. Til slutt dekka dei bordet med pynt og det smaka alltid topp. Etter kokkekurset hjelpte nok dei fleste mor i huset. Olav seier at det var det moroaste kurset han har vore på, og han tenker ofte kor moro det ville vore om dei hadde det på video. Medan Janet arbeidde på Valle Handel skrytte ho av at ho nok er ein av dei få kvinnene i Valle som kjem heim til ferdiglaga middag! Frå 1994 vart det slutt med jordbruk då Adelheid og Tron tok over garden. Då byrja Olav og Janet sitt liv nr. 2. Dei hadde også hatt nok av å vere sauebønder og alt det arbeide som fylgjer med det. Alle tre jentene var då sjølvstendige og gifta vekk. Olav og Janet flutte frå Oppistog (gards husa) til Systog (ein nabogard som dei hadde arva frå Olav sin onkel, Olav O. Rygnestad). Dei brukte tid og krefter på å pusse opp Systog for det var gamalt og nedslite både innanfor og utanfor. Sjå oppussingsbilete HER.
Når veret tillet det så sit dei ofte utanfor Systog til både frokost, lunch og middag (sjå bilete). Saman likar Janet og Olav også å følgje med på TV og å sjå filmar - alt frå nyheiter til reisehistoriar til James Bond! Janet fortset også med å sy klede - no for Barnebarn. Og som alltid så likar ho godt å sitte i godstolen og løyse kryssord og sjå på fotballkampen kvar lauradag (eller oftare!). Frå Olav la bondelivet på hylla har det vore restaurering av gamle bygningar som har oppteke han. Arbeid og hobby gjeng derfor i eitt no. Les HER for meir om restaureringsprosjekta til Olav. Som før i feriane reiser Janet og Olav mykje rundt, og no har dei meir tid til små helgeturar. Det er mest verdenskjent kor god Janet var til å pakke bilen så godt at det var mogleg for ein familie på 5 + hund å reise på telttur med stort telt, ordentlege madrasser og dyner!!! No reiser dei med litt mindre baggage og dei har vore ein del til England, Shetland, USA og Danmark, og det likar dei båe to. Dessutan har dei ei fin hytte som dei har pussa skikkeleg opp: Grønelid på Bjørnevatn ein times kjørsel frå Rygnestad (sjå meir om Grønelid HER). Mykje av Norge og spesielt Vestlandet har dei utforska i mest kvar ein krok med bilturar i helger og lengre feriar. Janet liker sjølukta som ho voks opp i på Shetland, og den kan ein finne på kysten på Vestlandet. |
Web design av
Hild Rygnestad
Sist oppdatera october 2024