| 
		 
			 
				Restaurering
			
			 
		
Tilbake til familie sida   |   
  English version
 
		
		
		Olav dreiv med restaurering av gamle bygningar i utallige år, og fekk meir
		tid til det etter at han la landbruket på hylla.  Nedafor kan de sjå bilete og rapportar frå
		eit utvalg av dei prosjekta han arbeidde på gjennom åra.
		 
		 
		Mange av prosjekta var internasjonale av karakter.  Anten reiste Olav og andre
		norske handverkarar til utlandet for å utveksle erfaringar i praksis - eller så
		kom utanlandske handverkarar til Noreg med same mål.
		 
		
		 
		 
		
		
			
				
					
					
						
							
								 
								 
							 | 
						 
						
							| 
								 
								Skjærvær i Vega, Noreg 1997
								 
								Eit gamalt hønsehus - Før og Etter.  Det var ikkje for seint å redde det!  
								 
								Men ein måtte bruke mykje ny tre material for å få det på fote att.
								 
								 
							 | 
						 
					 
					
					 
					 
					 
					 
				 | 
			 
			
				
					
					
					
					
						
							
								 
							 | 
						 
						
							
								Mars 1998 i Kenozero National Park.
								 
								Hans Sundsvalen var med som instruktør frå riskantikvaren i Norge.
							 | 
						 
					 
					 
					 
					 
					
					
					I 1998 tok han turen saman med nokre norske kollegaar til Arkhangelsk nord i
					Russland.  På oppdrag frå Riksantikvaren skulle dei restaurere eit kapell i
					Kenozero nasjonal park.  
					 
					 
					Biletet til venstre viser kapellet etter arbeidet var mest ferdiggjort i mars
					1998.
					 
					
					 
				 | 
			 
			
			
				
					 
					
						
						I 1998 samla Olav og fleire internasjonal kollegaar seg i Valle for å
						restaurere eit loft.  
						 
						Nok ein gong var arbeidet på oppdrag frå Riksantikvaren.
						 
						 
					 
					 
					
					
					Når veggstokkar i loftet var delvis rotne, måtte ein spunse med nytt virke. 
					Som bileta nedanfor indikerer gjeng prosessen frå:
					 
					 
						- 
						oppmåling og tilskjering av nytt virke;
						
 
						 
						 
						- 
						via forming av spunsen til veggstokken med hjelp av øks;
						
 
						 
						 
						- 
						til eit ferdige produkt.
						
 
						  
						 
					 
					
					 
					
					 
					
					Prosjektdeltakarane frå venstre til høgre: Ralf Röhr frå Tyskland, Cormac
					Seekings frå Skottland, Jura Osipov frå Arkhangelsk og Leslie Graham Gleed frå
					England.
					 
					 
					 
					
					
				 | 
			 
			
			
				
					 
					
					I 1999 gjekk turen over Atlanteren til Canada for å ta del i eit
					utvekslingsprogram 
					med Parks Canada. 
					 
					 
					Deltakarane var: 
					 
					Knut Hamre, Etne, Noreg; Bjarne Sunde, Jølster, Noreg; Mattias
					Hallgren, Sverige; 
					Patrik Bommelin, Sverige; og Olav H. Rygnestad, Valle, Noreg.
					 
					 
					Målet var Fort Walsh i Mapel Creek, Saskatchewan.
					 
					 
					 
					
					
						
							
								 
							 | 
						 
						
							
								Olav og andre deltakarar restaurerer ei bygning i Fort Walsh.  
								 
								Her ligg roten ligg djupt i stokken.
							 | 
						 
					 
					
					
						
							
								 
							 | 
						 
						
							| 
								Knut, Kym og Olav "diskutterer" om ein skal heller bruke øks eller motorsag!  
							 | 
						 
					 
					
					
						
							
								 
							 | 
						 
						
							
								Kym Terry, sjef for handverkarane i Parks Canada.
								 
								På omvisning i Captain Kennedy House (Manitoba Provincial Historic site).
							 | 
						 
					 
				 | 
			 
			
				
					 
					 
					
					Her kan du lese meir om turen i ein rapport Olav skreiv (klikk for 
					NORSK
					 versjon eller 
					ENGELSK
					 versjon). 
								Les meir om Fort Walsh HER
					 
				 | 
			 
			
			
				
					 
					
					
					I 2000 var der blant anna eit prosjekt i Sør Gjeslingane, Rørvik i Noreg. 
					 
					Oppgåva var å legge nytt tak på eit gamal fiskevær (sjå biletet til venstre).
					 
					 
					Dei andre to bileta viser at det somme tider også er for seint å redde gamle
					bygningar.
					 
					 
					
					 
					 
					
					
						
							
								 
							 | 
						 
						
							| 
								På synfaring i Neepawa Manitoba (1999) - Huset held på å gå under!
							 | 
						 
					 
					
					
						
							
								 
							 | 
						 
						
							| 
								På synfaring i Bygland, Noreg (2002) - Det var for seint for denne bua ved
								fellesbeitet.
							 | 
						 
					 
				 | 
			 
			
			
				
					 
					
					
					I 2001 arbeidde Olav og Daniel Addey Jibb (Skottland) med å restaurere Bykle
					Kyrkje, Noreg. 
					 
					 
					
					
						
							
								 
							 | 
						 
						
							| 
								Daniel bruker øks for å labe ein ny dørsvell til Bykle Kyrkje.
							 | 
						 
					 
					
					
						
							
								 
							 | 
						 
						
							| 
								Olav og Daniel inspiserer arbeidet på Bykle Kyrkje.
							 | 
						 
					 
					
					
						
							
								 
							 | 
						 
						
							| 
								Daniel arbeider på å reparere trappa ved Bykle Kyrkje.
							 | 
						 
					 
				 | 
			 
			
				| 
					
					 
					Same året starta også Olav på eit kurs i bygningsvern i regi av Høgskulen i
					Sør-Trøndelag og Riksantikvaren.
					 
					
						
							
								 
							 | 
						 
						
							
								Kursdeltakarar på vitjing til Tveitetunet, Valle, Noreg.
								 
								Kursleiar Embret Sandbakken, Høgskulen i Sør Trøndelag (til venstre)
								 
								Olavur Groth, Færøyane (i gapestokken)
								 
								Teitur Heindriksson, Færøyane
								 
								og to frå Vest-Agder fylke
							 | 
						 
					 
					
					
						
							
								 
							 | 
						 
						
							| 
								Anders Haslestad, Vår nærmaste sjef hjå Riksantikvaren, på vitjing på Rygnestad.
							 | 
						 
					 
					
					
					
				 | 
			 
			
			
		 
		
		 
		 
		
	 |