Velkommen til rygnestad.net slektstre



GRÅMANNSLEKTA
av Olav M Holen

GRÅMANNEN | Sigrid Bratterud og Gråmannen | Sigrid Bratterud i Valle | GRÅMANNSSONEN
OLAV (e) | KETIL | SVEIN | OLAV (y) | ÅSMUND | ÅNUND | BJØRGULV

(klikk her for full versjon in PDF-format)

ÅNUND O. RYGNESTAD, f. 1885

Han reiste til Amerika i 1904; han var då 19 år. Han gav ikkje noko livsteikn frå seg før ein gong på sine gamle dagar. Det kunne mest sjå ut som om han rymde frå eitkvart.

Olav H. Rygnestad fortalde at husi i Systog brann i fyrstningi av 1890-åri. Han fortalde at Ånund og Bjørgulv hadde leika med fyrstikker og var såleis skuld i brannnen. Det gjekk nok mest utover Ånund som var eldst av dei tvo.Me veit at faren, Gråmannssonen, var ein hissigpropp og ein kan tenkje seg, utan at eg veit noko om det, at det kunne ha vori eit vanskeleg forhold mellom dei seinare. I allefall reiste han som 19-åring til Amerika og så lenge foreldri livde visste dei ikkje om han var levande eller død. Dette var mori si store sorg i livet som ho aldri kom skikkeleg over.

Svein Rygnestad tolkar denne sorgi i diktet "Song til den utflutte sonen". Her legg han ordi i munnen på mor si.

SONG TIL DEN UTFLUTTE SONEN

Då du reiste, det var det verste,
eg trudde hjarta mitt kom til å breste.
Då du reiste, det var ein vår,
eg gret så lenge eg ha ei tår.

No sviv du einsam der ut' i verdi,
og mykje møter deg der på ferdi.
Men eg er med deg på all din veg,
og mang ei bøn hev eg bedt for deg.

Eg hev bore deg under barmen,
og halde deg hev eg deg tidt på armen.
Eg tykkjest sjå deg, min snilde gut,
då du var liten, sprang inn og ut.

Og når eg høyrde du gret i vogga,
so gjerne vilde eg gråten stogga.
Når du var sjuk, ja, då ynskte eg,
at det du leid, det vart lagt på meg.

Men helst i joli eg tenkjer på deg,
der innmed bordet eg tykkjest sjå deg.
Med tårutt auga eg segjer so,
min snilde boa, kor er du no?

Ja, mange gonger eg tenkjer på deg,
og brev og helsing eg ventar frå deg.
For då me skildest du lova godt,
at du sill' skrive bå' titt og trått.

Men no flyt eg snart frå desse dalar,
so fær eg reise til himlens salar - .
Der er eg fri i frå sorg og sut - ,
du kjem vel etter, min snilde gut?

Svein Rygnestad.

Fyrst på slutten av livet gav han livsteikn frå seg. Eg fekk låne eit brev av Olav H. Rygnestad der Ånund skreiv til Gyro Rygnestad, kona til Store-Olav:

Fargo 14/ 1 1953

GodDag Gyro aa tak for sist eg mot tok dit brev som du sente me aa Tusen tak skal du ha eg kan aldrig gløme dei aa so heimen men der eg heve vore mæ eg va baan for de er nokaa eg ten(k)jer paa ale tier og det maa eg seie i jen for eg hade ein goe Heim so lenje eg va Heime sjaa ho Mor for de taare eg sei i jen men du ser de de ein ten(k)jer mye paa naar han er ung men naar ein blir gamel daa ten(k)jer ein paa de

men de ser lit mort ut her i lande so lenge dene Krigen er

Aa so no faar vi en ny Presedent aa hans navn er Dwight D. Eisenhower som du har vel hørt snake møje um aa de er hart aa seie kose de blir da.

Eg saag han her i Fargo en gang i somar han helt en tale daa han sa de at vist eg blir Presedent so skal krigen bli slut aa vist han kan jere de so jere han ein god ting

Aa den første eg arbea for va ein Engelsmann han kuna in(k)je snake Norsk aa in(k)je kuna eg tale engels so de va leit i blant men de tok in(k)je so lenje for eg for sto hva han sa aa der paa den Plasen va de ein som Heiter Knut Voden bror til Eivind Voden aa so va de ein gjente som (heitte) Kate der hu va i fraa Trondheim

De va han Knut Voden som sa at eg skule ta eit ana namn Andrew Olson aa siden har eg bru(k)t de

Eg bruka aa gaa i skojen paa vintren mæ eg va ung eg va i samen en vinter mæ ein som heit Karl Lund Bror til han Søren Lund som du kjente vel men eg har in(k)je set han paa lenje no han reiste vist ut vest (-) daa eg kom her til lans. So kom eg til ein som va i fraa Rygnestad aa de va Kjetil Krone

Eg kom til ein Bye som dei kale Grand forsk der er mange Sætesdøler aa de er Loiland Roisland Kjørvestad Haugeberje Rygnestad

Aa om eg hade stelt meg ret aa tent paa de eg har gaat den galne vejen mæ eg va ung men det er in(k)je nokaa aa ten(k)je paa de nu eg lever got aa so er de ein ting eg har in(k)je vert sjuk møye so de er no ein god ting der heime har vert stor forandring som eg har hørt so om ein kom heimat no so vile eg nesten ale kjene mey at so nesten ale i fraa Heimen min har gaat burt det er bare du aa Aasmund ja aaso Bjørguv som er ate no

Eg hade skult lika om du hade vert her so eg kuna faa tale mæ dey for de er lenjesia eg hev set dey no Ja de er snart 50 aar aa de er lenje.

Eg har eit Potret her som eg vil sende kanse at du in(k)je kjener den guben at

Aa so til slut ei Hugvarm Helsing eg til dei eg sender kor eg i verden eg snur og vender.

So til slut faar du Helse alt de som Ve(k)s og gror

Lev vel lev vel ifraa Aanund Rygnestad


Ja, slik skriva den 68 år gamle Ånund heim til svigerinna på Rygnestad. På eit noko hjelpelaust språk skin det igjennom kor einsam og fattig han kjende seg, og kor han lengta attende til det som var. Me merkjer oss at han ikkje nemnde faren, berre mori.

Han hadde vel greidd seg rimeleg bra i Vesterheimen, men både på og mellom linjene merker ein mismot og resignasjon.

Ein kan også merke seg at han som dei andre brørne, hadde eit lyrisk lynde, der han i slutten av brevet prøver seg på eit rim, og han sender ei helsing til det som veks og gror.


GRÅMANNEN | Sigrid Bratterud og Gråmannen | Sigrid Bratterud i Valle | GRÅMANNSSONEN
OLAV (e) | KETIL | SVEIN | OLAV (y) | ÅSMUND | ÅNUND | BJØRGULV

Web design av Hild Rygnestad
Sist oppdatera 29 april 2022