Velkommen til rygnestad.net slektstre



GRÅMANNSLEKTA
av Olav M Holen

GRÅMANNEN | Sigrid Bratterud og Gråmannen | Sigrid Bratterud i Valle | GRÅMANNSSONEN
OLAV (e) | KETIL | SVEIN | OLAV (y) | ÅSMUND | ÅNUND | BJØRGULV

(klikk her for full versjon in PDF-format)

SIGRID BRATTERUD I VALLE

Denne Sigrid frå Tokkedalen busette seg seinare i Valle. Det eg no fortel, hev eg frå Arne Aabø i Lårdal og frå Valleboki til Alfred Ryningen (Band 3, side 41, og Band 4, side 570).

I det nest siste verset skreiv Tormod Borgjorde om at Gråmannen hadde komi i lag med det "forbannade Bratterud-slag". Sigrid var syster til Signe Bratterud som i 1815 tok livet av mannen sin. Dette gjorde ho saman med tenesteguten Ola Folehefte frå Kviteseid. Dei kasta han i Tokkeåi og han vart aldri funnen. Signe Bratterud og Ola Folehefte vart dømde for drapet, han fekk dødsstraff og ho vart dømd til livsvarig fengsel, men vart benåda etter 10 år. Borna hennar ville ikkje ha noko å gjere med henne, så ho vart verande i fengselet til ho døydde 50 år gamal, i 1837.

Om denne tragiske hendinga skreiv Tone Aarak, lærar i Treungen i Nissedal, i romanen "Framandkar kjem til gards" som kom ut på Gyldendal i 1949. Boki vart prenta på nytt i 2010 og gjevi ut av Ragnar Christensens forlag, Telemarkmagasinet.

Systrene Signe og Sigrid kom eigentleg frå Eidsborg, men det ser ut til at dei kom som gjentungar til Bratterud og tok såleis det namnet som skikken då var. Signe vart gift med den mykje eldre gardskaren på Bratterud året etter konfirmasjonen hennar. Like etter fødde ho eit barn som ho fekk med han.

Om Sigrid Bratterud, som er omtala i Gråmannshusvisa, veit ein mindre. Det ein veit er at etter ho kravde Gråmannen, flutte ho til Valle, noko som Gråmannen nok var lite glad for. Ho kaupte seinare gard på Flårenden før ho flytta opp att til Valle. Der døydde ho i 1875, 78 år gamal.

Ifylgje Valleboka fekk Sigrid Hallvardsdotter Bratterud, frå Lårdal, kaupe Flårenden (bnr.3) i 1836. Ho kunne ikkje betale, så seljaren Bjug Ånundsson Haugum fekk pant i bruket for 320 spd.

Ho var ugift, men hadde tvo born. Fyrst fekk ho sonen Olav med Olav Olavsson Kyrvestad (Brottveit, bnr. 2) i 1823. Han gifte seg med Margit Tarjeisdotter Rysstad, f. 1826 . Ho var dotter til spelemannen Tarjei Faremo. Dei reiste til Amerika med heile familien i 1861.

Sigrid hadde også ei dotter, Kari Hallvardsdotter. Ein veit ikkje noko om henne, berre at ho døydde i Amerika lenge før mori.

Knut Jonsson Heddi skreiv ein del om Sigrid. Han har gjevi ei levande skildring av korleis ho var og korleis ho såg ut:

Ho var noko samraudleitt, tun nos, liten munnæ, helste ve i Anletæ å på Bolæ. Ho va kvik, hågmælt, lettmælt og talig. Ho va svært djorv (djarv) som ænn Kare. Hu va knabbe stor helst til spjaankeleg aa snilt laga.

Etter det Knut Jonsson kan fortelje måtte ho ha vori eit driftig og dugande menneske:

Sigri staaka med nokaa kvert Slag. Hu kaupte Smologg (sauer) aa ha i Heio, so reiste 'o ti Byn mæ Drift om Hausto og bytte i Kraam, Tobaka a Simdor Stassæ. I dette handla 'o attæ Konn, aa mæ de betala hu paa Garen.

Men Sigri seldæ Garen, den Olav Myrum hae, aa reiste upte ti Vallæ aa fekk se atte a Hyttæ på Kjelleberg aa døe der.

I Valleboki, band 4, stend det om henne under kapitlet om Kjelleberg, bnr. 28 Bratterud. Det er plassen som Torleiv og Anne Lise Kjelleberg budde.


GRÅMANNEN | Sigrid Bratterud og Gråmannen | Sigrid Bratterud i Valle | GRÅMANNSSONEN
OLAV (e) | KETIL | SVEIN | OLAV (y) | ÅSMUND | ÅNUND | BJØRGULV

Web design av Hild Rygnestad
Sist oppdatera 29 april 2022