Velkommen til rygnestad.net slektstre



GRÅMANNSLEKTA
av Olav M Holen

GRÅMANNEN | Sigrid Bratterud og Gråmannen | Sigrid Bratterud i Valle | GRÅMANNSSONEN
OLAV (e) | KETIL | SVEIN | OLAV (y) | ÅSMUND | ÅNUND | BJØRGULV

(klikk her for full versjon in PDF-format)

GRÅMANNSSONEN

Olav, som tidt vart nemnd som Gråmannsonen, vart gift tvo gonger. Fyrst gifte han seg i 1863 med Margit Hallvardsdotter Utigard Røysland (1842-1864). Same året fekk dei sonen Olav. Både ho og barnet døydde året etter.

Året etterpå, i 1864, gifte han seg så med Ingebjørg Kjetilsdotter Lien. Ingebjørg er av Vond-Åsmundslekti i Nordigard Rygnestad. Tvo sterke og særmerkte slekter kom soleis ihop.

Det som seinare vart halde for å vere typisk gråmannseigenskapar, kan gjerne ha kome frå Nordigardsslekti. Slekti etter Vond-Åsmund var kjend for å vere svært konservativ: "Me lote have det som me allstødt hev havt det". Denne hangen til det tradisjonelle, og interessa for det gamle som hev fylgt slekti vår seinare, kjem trulegvis meir frå Nordigardsslekti enn frå Gråmannsslekti.

Olav og Ingebjørg fekk 9 born, 7 gutar og 2 gjenter. Ingen av gjentene voks opp, men alle 7 gutane vart sterke og særmerkte menn.

Olav Olavson Rygnestad, f. 1839, d. 1920,
g. 2. gong med Ingebjørg Kjetilsdotter Lien, f. 1845, d. 1927

Born:

  1. Olav, f.1863, g. 1896 med Gyro Hallvardsdotter Rygnestad, Uppistog, f. 1879 (Uppistog og Systog Rygnestad)
  2. Margit, f.1869, d. 1869.
  3. Ketil, f.1870, g. 1905 med Sigrid Olavsdotter Åmli, f. 1881(kaupte Nistog Åmli, bnr.3)
  4. Svein, f. 1873, g.1903 med Gunhild Taraldsdotter Mosdøl, Bykle, f. 1885 (Byklum Utistog, bnr.2)
  5. Olav, f. 1876, g.1901 med Jorunn Knutsdotter Tveiten, f. 1879, frå Nordigard Tveiten. Ho var barnebarn til Eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten (Aareholti Rygnestad)
  6. Gyro, f.1879, d.1881 (kikehoste)
  7. Åsmund, f.1882, g. 1924 med Jorånd Hallvardsdotter Røysland ( Utistog Røysland)
  8. Ånund, f. 1885 (drog til Amerika i 1904, ug.), d. 1972
  9. Bjørgulv, f.1888, g.1915 med Johanna Bentsdotter Kleveland, Laudal, f. 1891 (Ågset, Laudal )

SJU BRØR

Tarald Nomeland skreiv ein uprenta artikkel om desse brørne som han kalla "Sju brør". Han kjende godt til desse folki, då han budde der i tvo vintrar. Det måtte vere medan han var lærar i Oveinang. Han skreiv om Olav (Gråmannssonen ) og Ingebjørg:

Olav var ein svirrebasse, snøggsinna, sprek og sterk som faren. Ein drivande arbeidskar, sparsam.

Ingebjørg var roleg av natur, klok og snill, grei og hjelpsam, eit fagna menneskje. Ho var som ei mor for meg.

Ingebjørg, som kom frå Lien i Oveinang, slekta frå Vond-Åsmund Rygnestad.

Det er lite av soger om Gråmannssonen, men han var nok som far sin ein sterk og dugande mann, men nådde nok ikkje opp til han, iallefall ikkje i originalitet.

At han var snarsint, tyder ein historie eg hev frå Gjermund Bø på:

Då han vart gamal vart han ein gong sjuk så han trudde han skulle døy. Han fann ut at det var på tide å skifte arven mellom sønene sine. Dei skjøna fort at han ikkje var så sjuk som han gjorde seg, og Svein kom til å drage på smilebandet. Faren for opp i sinne og sa: "Du Svein fær ingen ting, for du lo!".

Alle sju var gode arbeidskarar, og arbeidet gjekk som ein leik når alle var med i onnene. Men det kosta å fø fram ein stor barneflokk. Systog var ingen stor gard. Berre med stor sparsemd og maksimal utnytting av ressursane let det seg gjere å fø så mange menneske på eit slikt bruk. Men Olav og Ingebjørg var både arbeidsame og sparsame og greidde det godt. Tri av gutane, Svein, Åsmund og Bjørgulv fekk gange lærarskulen og vart lærarar, i tillegg til at dei hadde gardar.

Dei var alle sers kulturinteresserte og las mykje. Dei var framifrå gode skribentar og dei hadde ei poetisk åre. Fleire av dei skreiv i blad og aviser, og det finst ein god del dikt, stev og songar etter dei. I "Sæbyggjen syng" er det fleire dikt av fem av dei.

Alle var dei nasjonale, men det var i ei tid der det å vere nasjonal var eit honnørord. Det vart ei ulukke for fire av dei. Både Svein, Åsmund, Bjørgulv og Kjetil gjekk inn i Nasjonal Samling.

Om dette skreiv Tarald Nomeland, som sjølv var svoren motstandsmann:

Men alle desse fire brørne var ufarlege N. S. -folk. Eg kjende tre av dei godt, og eg visste vel at frå dei trong ingen ottast noko vondt. Det var for mykje godt innhald i heile hopen til at dei kunne gjere simple verk. Men det fall ingen av dei inn, at det kunne vere landssvik å vera med i eit nasjonalt parti.


GRÅMANNEN | Sigrid Bratterud og Gråmannen | Sigrid Bratterud i Valle | GRÅMANNSSONEN
OLAV (e) | KETIL | SVEIN | OLAV (y) | ÅSMUND | ÅNUND | BJØRGULV

Web design av Hild Rygnestad
Sist oppdatera 29 april 2022