Velkommen til rygnestad.net slektstre



GRÅMANNSLEKTA
av Olav M Holen

GRÅMANNEN | Sigrid Bratterud og Gråmannen | Sigrid Bratterud i Valle | GRÅMANNSSONEN
OLAV (e) | KETIL | SVEIN | OLAV (y) | ÅSMUND | ÅNUND | BJØRGULV

(klikk her for full versjon in PDF-format)

GRÅMANNEN

Olav Olavsson Homme, f. 1789, d. 1866,

Før eg begyndar å fortelje om denne spesielle ættefaren vår, tek eg først med noko om slekti hans.Som så mykje anna i denne oversikten, finn eg opplysningane i "Gards- og ættesoge Valle" av Alfred Ryningen.

Det er mykje uklårt når det gjeld kva gråmannsnamnet kjem frå, og kvar slekti eigentleg kom frå. Det ein veit at Gråmannen voks opp i Gråmannshus i Homme. Kor lenge slekti hadde budd der veit ein ikkje.Gardnamnet Gråmannshus gjeng iallefall attende til 1500-talet, så ein kan vel rekne med at slekti hev budt derein del hundre år.

Sume i slekti vår hev teki ein gentest, og det viser at det er ein del gener som tykkjest stamme frå Midt-Østen, nærare bestemt frå Libanon. Ein gong i tidi må dei ha vandra ut og kome over Balkan og så til Europa.

Det er ingen som veit noko sikkert om korleis dette heng saman. Det er iallefall tvo teoriar om det.

Eg hev allstødt høyrt at slekti kom frå Telemark, utan at ein veit noko meir. At dei vart kalla gråmenner, kunne forklårast med at telemarkingane var gråkledde , i motsetnad til den meir fargerike setesdalsdrakti.

Andre hev høyrt av dei gamle at ein av forfedrane våre var med i ein av krigane i Europa, men deserterte. Han rymde då og kom inn i Sverike og til slutt til Telemark, og så landa han i Valle. Gråmannsnamnet kunne då forklårast med at han hadde ei grå soldatuniform.

Ein tredje teori kunne sjølvsagt vere at han vart kalla Gråmannen ,rett og slett fordi han kom frå Gråmannshus. Som så mange gardsnamn er det ikkje alltid så lett å tyde tydingi av namnet.

Likevel, det tykkjest vere ein sterk muntleg tradisjonsom som seier at denne slekti kom utanfrå og slo seg ned i Valle.Gentesten styrkjer og denne teorien.

Olav O. Holen hadde ein god artikkel om Gråmannen i "Jol i Setesdal" 2009. Han hev mykje av opplysningane frå vår felles gofa, Olav Aareholti, som var ein god og påliteleg sogemann.Han og gjeng utifrå at Gråmannsslekti kom austanfrå.

Ifylgje Valleboki hadde far til Gråmannen, Olav Åsmundsson, lånt pengar med pant i garden. Og det enda med at han og familien måtte reise frå garden ogvart husmannsfolk. Faren var ein drankar og drakk seg i hel i ung alder. For at dei ikkje skulle svelte ihel, måtte mori på bygdi og tigge.

Ho var for stolt til å be om noko, Ho sette mjølhiti (mjølsekk laga av skinn)) frå seg på dørhella på garden ho kom til og snudde seg bort og lest som ingen ting.Men folk visste korleis det stod til og fyllte mjøl i hiti.

Førti år gamal bukka ho under av svolt og sjukdom, og borni måtte klare seg som best dei kunne. Berre tri av dei ni syskini livde så lenge at dei vart vaksne.

Gråmannen hadde ikkje hast med å gifte seg. Kanskje var han så oppteken med å kome seg opp og fram at han ikkje hadde tid til slikt. Men før han gifte seg hadde han fenge tvo born med tvo andre kvende, fyrst Jorunn (1821) som voks opp i Hommelunden, og Arne (1826) som døydde etter nokre månadar.

Jorunn fekk han med Birgit Ånundsdotter Homme i 1821. Fire år seinare gifte Birgit seg med Gunnar Folkesson Løyland. Dei budde på Plasset under Systog Dale. Jorunn voks opp i Hommelunden hjå besteforeldri, Ingebjørg og Ånund i Innistog . Jorunn døydde ugift i 1889 på plasset Grjotsleg i Homme, 68 år gamal. Jorunn fekk ein son i 1844, men etter at han vart konfirmera i 1860 veit ein ikkje noko meir om han.

Så fekk Gråmannen eit barn i 1826 med enno ei Birgit, Birgit Arnesdotter frå Nistog Flateland. Ho vart gift i 1821 med Knut Olavsson Besteland som var mykje gamlare enn ho, så ho vart enkje alt i 1822. Det tok ti år før ho gifte seg andre gongen, og i mellomtidi fekk ho sonen Arne i 1826 med Gråmannen. Han vart kalla Arne etter bestefaren, men han døydde etter berre nokre månadar. Som 40-åring gifte Birgit seg med Ulv Torsson Brokka og kom til Fodtveit.

Då Gråmannen var førti år gifte han seg i 1829 med Gyro Sveinsdotter Syga Røysland. Frå denne slekti kom det mange spelemenn (t.d. Dreng Ose og Olav Heggland), rosemålarar og sylvsmedar.

Olav Olavsson Homme, f. 1789, d. 1866,
g. 1829 med Gyro Sveinsdotter Røysland (y), f. 1795, d. 1867

  1. Ingebjørg, f. 1831, d. 1829
  2. Ingebjørg f.1829, d. 1829.
  3. Ingebjørg, f. 1831g. 1848 m. Eivind Knutsson Dale, f. 1826. ( Nistog Hommelunden)
  4. Targjerd, f. 1834 f.1834, g.1853 m. Knut Eivindsson Flateland f. 1830. ( Vodden, Flateland )
  5. Olav, f. 1839, han som vart kalla Gråmannssonen.

Det var berre dei tri yngste som livde opp.Ingebjørg vart i 1848 gift med Eivind Knutsson Dale (1826), som budde i Hommelunden (Det er Nistog Homme, den garden som Knut Jensson og Malmfrid no eig).

Den eldste dotteri deira som voks opp heitte Anne (1850). Alfred Ryningen skriv at han var gift med ein frå Tveiti i Bykle og at dei reiste til Amerika. Sjølv om ikkje alt stemmer med årstal og slikt, trur eg må dette må ha vori Hallvard Ånundsson Tveiten (1839). Det stemmer iallefall med det eg hev høyrt, at det var ein frå Tveiti som vart gift inn i Gråmannsslekti. Dessutan var Hallvard den einaste frå Tveiti som reiste til Amerika på den tid.

Hallvard var gardskar til ein av dei beste gardane i Bykle. Likevel gjorde dei noko så drastisk som å gjeve ifrå seg garden og reise til Amerika. Det hadde nok mykje med at faren, Ånund Hallvardsson (1815-1887), vel var ein mektig og noko eigenrådig person som ikkje ville gjeve frå seg tøylane til neste generasjon. Dette passa nok heller ikkje for ei som var av gråmannsætt, og dei reiste til Amerika i 1875 og kom aldri att.

I 1834 vart Targjerd fødd. Ho vart i 1853 gift med Knut Eivindsson Flateland, f. 1830 på Vodden Flateland. No stend det att berre ei løe, stogehusi vart seld til Morten Henriksens samling av gamle hus i Bykle.

Targjerd og Knut hadde 11 born, åtte av dei vart vaksne, og fire reiste til Amerika. Sjå oversikti over familien i Valleboki VI, side 211.

Det kan nemnast at Knut Eivindsson var smed og sonen Eivind var sylvsmed.

Både Ingebjørg og Targjerd hev mange etterkomarar i Valle og Amerika.

Det er elles lite ein veit om desse tvo gråmannsdøtrene, men Targjerd hev fenge namnet sitt knytta til Jørgen Moe og "På solen jeg ser", men det er det ikkje mange som kjenner til.

I "Jol i Setesdal "1976 hadde Hallvard Løyland ein artikkel som heiter "På solen jeg ser". Her fortel han soga om korleis Jørgen Moe vart inspirert til å skrive dette meistarverket sitt.

I 1847 fekk Moe eit statsstipend i folkeminne der han skulle samle inn folkedikting i Telemark og Setesdal.I juli 1847 gjekk han frå Dalen i Telemark og kom til Bjørnevassheidi. Folk var opptekne med støylsslåtten og hadde vel lite tid og interesse i å tale med framandkaren.

Tradisjonen fortel at Moe budde på støylen Edan. Der var Targjerd, dotter til Gråmannen, budeie. Ho var då kjærast med Knut Flateland, Vodden, som ho seinare vart gift med.

Ein dag tok Moe seg ein tur på den høgaste toppen, Revstjønnapen.Overvelda av sanseinntrykki den dagen skreiv han "På solen jeg ser".Kanskje han ikkje fekk fullført diktet .Kanskje det siste verset kom til han etter at han var til kyrkje om sundagen. Han ser alt gjennom augo til støylsgjenta, truleg Targjerd, der ho lengta til bygdar og til folk, og mest av alt til guten sin som kjem " i susende trav på elgsblakks-ryggen" på kyrkjeveg.

Så kom til slutt gardskaren som sjølvsagt også laut heite Olav, han som seinare hev mykje vorte kalla Gråmannssonen. Det var mest som A. O. Vinje skriv i Storegut:

Og Olav het Son, og Olav het Far.
Det Olav på Olav var,
so lenge som det var spurt til Mann,
som eigar av Nordigard (her Systog Rygnestad).

Gråmannen døydde i 1866, 77 år gamal, ein heller høg alder i dei dagar.

Gunhild J. Espetveit, som og er av gråmannsslekti, fortalde ein historie som eg trur er noko typisk for Gråmannen. Ikkje så lenge før han døydde var han til kyrkje, og var då til nadverds. Kyrkjekoret, der nadverdringen er, er noko høgare enn kyrkjegolvet. Då han skulle ned att, kunne han ikkje halde seg: Han la til med eit hopp! - Heilt til det siste laut han vise at han dugde.

Eit gjetord som gjekk om Gråmannen var at han var uvanleg sprek og hardfør. Eg tek med noko frå artikkelen til Kjetil O. Rygnestad, bror til Gofa, skreiv i årsskriftet til Agder Historielag:

Olav var ikkje høgvaksen, men var sterkt bygd. Han var utifrå støyghelsa og visste snaudt av å vere sjuk. Om han vart våt, skifte han aldri klæde. Han var så hardbalen at han og vart kalla "gråbeinen".

Å taka reven i spranget var eit av meistarstykka hans. Ein dag gjekk han frå Lyseheidi til Homme, 5 mil, og bar om lag 50 kg. Ein gong han bar ein halv rein, sprang han eit stigsprang som det må spræke karar til å greie tomreipes (utan sekk). Ein gong han gjekk i dyreheidi (på reinsdyrjakt),råka han ein flokk med reinsdyr som han skaut på utan å råka. Dyri tok på sprang og han etter. Han fylgde dei om lag ei halv mil, og då skaut han eit dyr. Han tyktes ikkje verte pustefull som andre. Framifrå glup var han til å renne på ski i all slags lende. Han var ordgjeten til å arbeide. Han kunne slå som to gode karar. Trøytsla tyktest aldri få tak i han, og han hadde ein rygg som ei risnute. Det hefte han ikkje å binde (korn) halve målet utan å rekkje seg.

Sjølv om han var ein kjempekar og rask og ledig som få, var han ingen slåsskjempe. Eg tek med eit avsnitt frå "Gråmannen " i Jol i Setesdal 2009 som Olav O. Holen hev skriva:

Gråmannen lika ikkje slagsmål, han prøvde jamt å kome seg unna slikt. Men eingong han var i byen, vart han kringsett av 6-7 gutar som ville take han, dei hadde høyrt at han skulle vere så sprek. Gråmannen prøvde å sleppe frå dei, men dei stengde for han, og då han ikkje kunne kome seg unna, laut det stå til. "I Jissu namn, då", sa han og greip den næraste. Så svint på foten var han at dei ikkje fekk tak på han og det enda med at han jaga dei på flog alle saman.

Gråmannen var elles ikkje den som sette ljoset sitt under ei skjeppe. Han kunne like å vise seg fram. Han var sers flink til å danse. Ein gong køyrde han i firsprang gjennom gatene i Kristiansand medan han dansa på sleden.

Kjetil Rygnestad gjev han denne karakteristikken:

Olav var sers klok og gløgg, snartenkt og vissordig (god til å få sagt det) og han var framsynt. Han merkte seg ut frå folk i mange måtar, so han vart mykje rødd om, hermd etter, bisna på (forundra seg på) og ledd åt. Men kor rart det kunne synest, viste det seg at der var jamt noko i det han sa eller fann på.

Som då han som unggut rundt år 1800 var inne på at det måtte late seg gjere å fjuke (fly), også for menneske. Han funderte mykje på om han ikkje kunne lære seg å fjuke liksom ørni. Han laga seg vengjer av næver som han batt på armane sine. Han kleiv opp i ein høg raun og ville prøve dei. Han datt i ei steinrøys og mest skamslo seg. Han vart så ille medfaren at dei laut bere han heim i eit tjeld, men etter ei stund var han like god att. Det gjekk ikkje så godt, men berre det at han kom på tanken om å fjuke, mest hundre år før det vart ein realitet, seier ein del om mannen.

Skal vite om det er tilfeldig at barnebarnet hans, Ragnar Rygnestad, vart flygar og seinare vart formann i Flyhavarikommisjonen?

Han var svært oppfinnsam til å skaffe seg utkome. Han var ein god jeger og det vart sagt at han fekk meir fisk enn andre. Mamme, som var svært stolt over å vere av gråmannsslekt, fortalde at før han slengde uti, spytte han på makken og sa: "Fiske, fiske, bit i, for Gråmannen slengjer uti". Då eg vart så stor at eg tok til å fiske, gjorde eg det same. Eg tenkte det skulle gjere inntrykk på fiskekameraten min, men då han endra regla og sa: "Fiske, fiske, bit i, før 'elle Gråmannen slengjer uti", slutta eg meir med det.

Gråmannen var sers oppfinnsam og gjorde ting som andre ikkje kom på. Han skaffa seg ei god ekstrainntekt med å plukke eit spesielt lav i Einang. Han hadde høyrt at denne spesielle laven kunne brukast til å farge silke med, og at det vart godt betalt i Stavanger. Dette lavet voks i dei bratte fjellsidene i Einang. Han var ein våghals og utruleg god til å klive. Han fekk med seg kameraten Eivind Kyrkjeled, som også var ein uredd kjempekar. Dei vart forresten gifte med kvar si syster frå Syga Røysland.

Dei tvinna seg lange taug. Så vart ein av dei fira utfor fjellet medan den andre stod oppe og heldt. Kjetil Rygnestad fortel at dei på den måten kunne tene opp til 5 dalar dagen.

Eg har lenge lurt på kva det kunne vere for noko han fann i Einang. Eg fann svaret i "Planter og Tradisjon" av Ole Harboe Høgh. Her stend det:

Korkje (Ochrolechia tartaea) Denne laven er hvit (gulhvit, gråhvit), noe ujevn skorpe, noen mm tykk. Den gror på berg og kan løsnes med kniv. Dette har vært gjort i betydelig utstrekning her i landet, fordi den har vært et viktig fargeemne. Den ga en vakker rød farge som en ikke kunne få på noen annen måte. Den ble gjæret i urin og formet til små kuler. Foruten at den ble laget til hjemmebruk, har ferdig gjæret korkje vært en salgs- og eksportartikkel.

Olav vart ein meistarsmed, og smiing vart etter kvart den viktigaste inntektskjelda hans. I "Gamalt or Setesdal" vart han nemnd som ein av dei gode ljåsmedane i dalen. Etter kvart satsa han meir og meir på finsmedarbeid. Serleg spesialiserte han seg på dørlåsar som var dirkefrie. Det meste av låsane klyvja han over heidi på Skinnvegen, og tok så båten til Stavanger, der han selde dei.

På ei av reisene til Stavanger heldt det på å gange gale. Om dette fortel Olav O. Holen ein historie som han truleg har høyrt av gofa, Olav O. Rygnestad (y):

Ein gong han kom over heidi kom han utfor så tykk ei skodde at han gjekk seg vill, sjølv om dei var godt kjende på Skinnvegen både han og hesten. Då kveldsmørket seig på, såg han til slutt ingen ting. Han let hesten styre vegen. Brått stogga hesten. Gråmannen gjekk då fram og tok hesten i grima og ville leide han. Han skrei då utfor ei fjellside. Han fortalde sjølv at han høyrde korleis beremeisen skrapa mot fjellet før alt var svart.

Først på morgonsida vakna han og fann seg liggjande i eit slett grøde under ei høg fjellside. Han greidde etter kvart å kome seg på beina. Han fann ut at han hadde vori heldig og ikkje råka på nokon stein, og ikkje broti bein. Grødet han låg i hadde gradvis dempa farten, slik at han ikkje hadde slegji seg i hel. Men like godt hadde det ikkje gått med hesten. Han hadde komi etter og låg steindaud ved sida av Gråmannen.

Skodda var no letta og Gråmannen kunne kjenne seg att kor han var. Han halvt gjekk og halvt kraup den lange mili heim til folk. Og etter månadar med godt stell, kråna han til att og vart etter kvart like god.

Like sør for Ljosådalen, mest i høgde med Ljosåvatnet, er det eit fjell som på kartet er nemnd Gråmannsskreda. Truleg var det dette fjellet han skreid utfor på denne turen.

Då han var 30 år hadde han lagt seg opp så mykje pengar at han kunne kaupe seg gard. Han kaupte då Systog Rygnestad i 1823 for 600 spesiedalar. Dette betalte han kontant med unntak av 50 spesidalar, ifylgje Vallesoga til Alfred Ryningen. Om dette skreiv Ketil Rygnestad:

Garden var liten og skrinn. Det meste var berre utmark å kalle, og groveleg mykje med stein. Olav tok til å brjota og grava, og han la opp steinrøyser store som lødor. Det var mest noko nytt, allvisst på Rygnestad. Folk "verka"(bruka jordi) uppatt, år etter år, på dei same åkerflekkjene, som det hadde vori heilagdomar. "Dei hev legi for likso gode menner fyrr, så kan dei visst liggje for oss au", let dei. Men Gråmannen gjekk ikkje etter det. Han braut opp til garden vart reint umskapt. Dei fyrste åri fekk han berre 7 tunnor korn. Og seinst han livde vart det 48 tunnor og mykje høy.

I Vallesoga stend det at i 1865, året før Gråmannen døydde, fødde dei 2 hestar, 11 kyr, 23 sauer og 11 geiter i Systog.


GRÅMANNEN | Sigrid Bratterud og Gråmannen | Sigrid Bratterud i Valle | GRÅMANNSSONEN
OLAV (e) | KETIL | SVEIN | OLAV (y) | ÅSMUND | ÅNUND | BJØRGULV

Web design av Hild Rygnestad
Sist oppdatera 29 april 2022