Velkommen til rygnestad.net slektstre



GRÅMANNSLEKTA
av Olav M Holen

GRÅMANNEN | Sigrid Bratterud og Gråmannen | Sigrid Bratterud i Valle | GRÅMANNSSONEN
OLAV (e) | KETIL | SVEIN | OLAV (y) | ÅSMUND | ÅNUND | BJØRGULV

(klikk her for full versjon in PDF-format)

SVEIN O. RYGNESTAD

Gunhild Taraldsdotter Mosdøl (Utistog Byklum), f. 1885, d. 1974,
g. 1903 med Svein Olavsson Rygnestad, f. 1873, d. 1950

Born:

  1. Ingebjørg, f. 1905, d. 1970, ug og heimeverande.
  2. Torbjørg, f. 1907, d. 2003, g. med Olav Drengsson Byklum.(Åseral)
  3. Tarald, f. 1911, d.1995, g. med Birgit Olavsdotter Gjerden, Myri. (Utistog Byklum)
  4. Gyro, f. 1914, d. 1914
  5. Olav, f. 1915, d. 1915
  6. Olav, f. 1918, d. 1993, ug. og heimeverande
  7. Gyro, f. 1923, ug.( Kristiansand)
  8. Ragnhild, f. 1929 g. med Torjus Olavsson Nomeland. (Mosby)

Svein gjekk også skulevegen. Som brørne Åsmund og Bjørgulv vart han lærar og bonde. 30 år gamal gifte han seg med odelsjenta i Utistog Byklum, Gunhild Taraldsdotter Mosdøl. Ho var dotter til den mykje omtala lærar og kyrkjesongar Tarald Mosdøl.

Som svigerfar sin var også Svein lærar og kyrkjesongar i Bykle, men det var nok ikkje så lett å fylle plassen etter Tarald.

Eg tek med noko som Tarald Nomeland skreiv om Svein i "Sju brør":

Svein var ikkje av dei ljosaste hovuda, men han var grei som lærar, borni likte han. Han vart NS-mann og ordførar under okkupasjonen 1940-45, men han var ein ufarleg NS-mann. Lærar Gjermund Hoslemo var ofte grov og uvyrden i ord til han, men Svein svara ikkje med same mynt. Han kunne vori farleg for Gjermund, men han ville ikkje nokon vondt. I Valle vart tre av lærarane arresterte og utleverte til tyskarane, i Bykle ingen -. Dette seier nokså mykje.

Som dei andre i slekti hadde han ei poetisk åre og skreiv ein god del dikt og songar. Eg tek i denne utgreidingi med tvo dikt av han. Det eine er eit dikt han skreiv til gofa Rygnestad, Olav Aareholti, til 65-årsdagen hans. Det andre er eit dikt om yngstebroren Ånund som reiste til Amerika, og som ikkje gav livsteikn frå seg. Desse dikti stend seinare når eg fortel om desse tvo brørne.

Mange av dikti vart prenta i "Agder Tidend". Dikti var høgstemde og sterkt nasjonale, men ofte var dei knytta til dagleglivet her i dalen.

Som brørne sine, Stor-Olav, Kjetil og Aasmund var Svein medarbeidar i "Agder Tidend". Som Kjetil dekka Valle, dekka Svein det som hende i Bykle. Han var fast meldar og skreiv om årsvekst, jakt og fangst og alt det byklaren var oppteken med. Ikkje sjeldan skreiv han artiklar om kulturhistoriske emne og segn og soger frå Bykle. Såleis kunne han minne noko om det Torleiv Aakre skreiv i avisa, men det var ikkje så grundig og velskrive.

Han engasjera seg i dei ymse spursmål som var framme i tidi. Som Kjetil Rygnestad skreiv han mykje om bøndene og levevilkåri til bøndene. Han vart etterkvart byklar, men han som hadde vokse opp i relativt gode kår i Valle, hadde tydelegvis vanskeleg for å skjøne kor hardt det var å greie seg i Bykle.

Mange av avisinnleggi hans handla om kristendom. Medan svigerfaren Tarald var høgkyrkjeleg og noko einspora, hadde Svein eit friare og åpnare syn både mot høgre- og venstresida i det kristelege landskapet i Bykle. Då det skulle byggjast bedehus i Byklum krins i slutten av 1920-åri, gav han fri tomt, og det var ikkje svigerfaren noko begeistra for. Han omtala også pinsepredikantane Gunnar Lofthus og Johans Bakken i rosande ordelag då dei virka her i slutten av 1920-talet.

Samstundes var han positiv til det frilynde ungdomslaget som Knut Hoslemo fekk i gang, og var foredragshaldar på ungdomsmøti deira. Han var ein av dei få støttespelarane Knut Hoslemo hadde i det kristelege miljøet i Bykle. Då Knut døydde i 1929 skreiv Svein eit fint minneord om han.

Han kasta seg gjerne ,med stort temperament og engasjement, inn i diskusjonar i "Agder Tidend". Ikkje alt han førde i pennen var like gjennomtenkt, og han tok gjerne beinvegar når han vart pressa. Han fekk såleis mykje juling i avisa. Like fullt var han stadig framme i avisspaltene i 1920- og -30- åri, men ikkje på langt nær i same grad som broren Ketil.

Han vart tidleg med i styr og stell i Bykle, og som nemnt vart han ordførar i krigsåri. I det eg hev lese av avisinnleggi hans, var det ikkje mykje av typisk N.S.-retorikk, men han stod for eit svært reaksjonært samfunnssyn, ikkje minst gjekk han inn for sparelinja både kommunalt og privat.

I 1920-21 var det ein skarp diskusjon i "Agder Tidend" om den påtenkte Haukelivegen som kom i 1939. Dette tykte Svein var tull og tala og skreiv mot desse planane:

"Me må fyrst og fremst faa god pukklagd veg uppetter dalen, og so - ja so faar me sjaa kva me maktar."


GRÅMANNEN | Sigrid Bratterud og Gråmannen | Sigrid Bratterud i Valle | GRÅMANNSSONEN
OLAV (e) | KETIL | SVEIN | OLAV (y) | ÅSMUND | ÅNUND | BJØRGULV

Web design av Hild Rygnestad
Sist oppdatera 29 april 2022