Velkommen til rygnestad.net slektstre



GRÅMANNSLEKTA
av Olav M Holen

GRÅMANNEN | Sigrid Bratterud og Gråmannen | Sigrid Bratterud i Valle | GRÅMANNSSONEN
OLAV (e) | KETIL | SVEIN | OLAV (y) | ÅSMUND | ÅNUND | BJØRGULV

(klikk her for full versjon in PDF-format)

KETIL O. RYGNESTAD

Sigrid Olavsdotter Åmli,Nistog, f. 1881, d. 1964
g.1905 med Ketil Olavsson Rygnestad, f. 1870, d. 1941

Born:

  1. Ingebjørg, f. 1906, g. 1923 med Åsmund Olavsson Bø, f. 1900. (Nørdre Bø)
  2. Olav, f. 1908, d. 1976, ug.( Nistog Åmli)
  3. Margit, f. 1913, g. 1941 med Hallvard Pålsson Dale, f. 1913.( Systog Dale)

Ketil er det naudsynt å bruke noko ekstra spalteplass på. Han var vel den av brørne som gjorde mest av seg, og han var vel kanskje den av brørne som hadde mest av Gråmannen i seg.

Han var fyrst og fremst bonde, men hadde like gode teoretiske evner. Som skribent var han eit oppkome som aldri tyktest trjote. Han skreiv dikt og prosa, kronikkar og avisinnlegg om nærsagt alle mogelege emner. Alt han skreiv var godt gjennomarbeidd og så klårt at ein trong ikkje vere i tvil om kva han meinte. Som den gråmann han var, hadde han alltid sin eigen vri på ting, sjeldan meinte han det folk flest meinte, men gjekk sine eigne vegar. Han var svært konservativ på mange måtar, men på andre måttar var han ein framstegsmann. Ikkje minst galt det som bonde, der han alltid ville prøve nye måtar å drive på. Og han stilte alltid spursmål ved etablerte sanningar.

Eg hev granska ein del av det han skreiv i "Agder Tidend". Det er så mykje at det kunne verte eit par bøker, berre det.

Ketil kom til Nistog Åmli, men skreiv seg for Ketil Rygnestad så lenge han levde. I Nistog Åmli reiste førre eigaren til Amerika med den store barneflokken sin; truleg var det like etter 100-årsskiftet. Men yngstegjenta Sigrid ville ikkje reise frå Åmli. Ho og mori budde på skjeltelet og såg etter mori så lenge ho levde.. Då Kjetil Rygnestad overtok Nistog Åmli, skilde ho seg (gjorde krav på) at ho kunne få bu på "skjeltelet"så lenge ho levde.

Det vert sagt at då Ketil kaupte garden var han så godt som trulova med ei gjente. Han skulle ha sagt til henne at det kunne ikkje verte noko av med dei, "for han hadde ei på skjeltelet".

Såleis budde Kjetil nede og ho oppe heilt til han ein dag kom opp til ho og sa: "Kan du ikkje likegodt flytje ned i stoga?". Det var eit noko utradisjonelt frieri, men dei vart gifte i 1905.

Det var kanskje ikkje den store kjærleiken i utgangspunktet, og kanskje ikkje seinare heller. Medan han var flittig, sparsam og arbeidssam, var ho heller makeleg anlagt. Det tykkjest vere stor einigheit om den saki mellom dei informantane eg hev tala med. Han måtte jamvel studre (stelle i fjoset), og det vart rekna for ei skam for ein karmann på den tidi.

Sigrid var liti og svirp (rask) og var sers mjuk i kroppen. Ein gong ho og Ketil høya, skulle ho rake saman høyet medan Kjetil var heim med lass. Ho var kanskje noko trøytt, for i staden for å rake, sette ho seg i soli for å kvile. Ho la føtene bak nakken og låg der som ein liten tull då Ketil kom attende. Han måtte hjelpe henne så ho fekk føtene laus. Ketil var nok ikkje mykje blid då.

Om Ketil skreiv Tarald Nomeland:

Nistog var til nedfalls både med hus og jord då Ketil kjøpte, men Ketil dyrka garden opp og bygde nye hus.

Han var ein trottig mann, murta jamt. Roleg av natur, mykje nytta i bygdestyringa, klok, men einsynt, ærleg all igjennom. Me var ofte i tottane på kvarandre både i tale og skrift, men eg vyrde han alltid av di han var så ærleg og alltid gjekk inn for det han trudde var rett.

Han skreiv mykje i "Agder Tidend", også noko i "Næmingen" og "Norsk Barneblad", og var all si tid ein trugen målmann.

Gjermund Bø fortalde ei historie om gofa sin. Det var på den tida som Heiberg kaupte opp heiane, og Åmlibøndene diskuterte kva dei skulle gjere. Dei spurde Ketil, som vart rekna som ein klok og forstandig mann, kva han meinte. Rådet hans var: "De kan då skjøne at me må selje fyst' me kan få pæninge for gråsteine".

Ein av åndsfrendane hans var Torleiv Aakre. Dei stod for mykje av det same, var levande interesserte i det nasjonale og båe støtta dei den frilynde ungdomsrørsla. Båe var dei dugande bønder, og båe var dei svært skriveføre.

I "Agder Tidend" for 8. februar ? hadde Torleiv ein lang artikkel om Kjetil Rygnestad med tittelen "Ein fagnadmann".

I denne artikkelen fær ein eit godt inntrykk av korleis han var som menneske. Torleiv teiknar eit bilete av ein sjølvstendig tenkjande mann, frittalande og ærleg. Dermed skaffa han seg og motstandarar. Han var òg eit svært idealistisk menneske, var ein ihuga talsmann for den frilynde ungdomsrørsla, fråhaldssak og målsak og ikkje minst for bondesaki..

Torleiv Aakre skreiv at i ungdomen skilde han seg ut frå "den ungdomen som drakk og tumla og livde liksom paa slump". Var ei tid streng pietist, men dette frigjorde han seg frå etter kvart og vart vel ein slags grundtvigianer.

I "Agder Tidend" hadde han ei framhaldsforteljing som han kalla "Synsskifte". Det handlar om ein ung gut sitt møte med det tronge , pietistiske miljøet, og korleis han kom ut av det og fekk sitt eige gjennomtenkte kristne livssyn. Det er tydeleg at det er hans eigen fridomskamp han skildrar. Som mange andre gråmenn fann han "sin eigen veg til Faderen", som Sigrid Kjelleberg uttrykte det.

Og han sette ikkje ljoset sitt under ei skjeppa. I uteljande avisartiklar og debattinnlegg skreiv han om desse sakene han brann for. Av utdaning hadde han berre ein vinter på amtskulen, men innleggi hans skilde seg ut og var velskrivne og klåre. Gråmannståtten kom fram på den måten at han i alle saker hadde sin eigen vri, som ofte gjekk på tvers av det folk flest meinte.

I lyrikken kom fram ei onnor side av Ketil, ei mjuk og poetisk side, og her kom det fram hans store kjærleik til garden, ætti og bygdi, og dei ideali han brann for.

Gamlelensmannen, Ole Lund, kalla han for Tolstoi. Han skriva ein stad om Kjetil: "Det er alltid noe i det Ketil Rygnestad skriver".

Som eldstebroren Olav på Rygnestad vart han au mykje bruka i bygdestyringi. Han var med i kommunestyret i 36 år, og til no hev ingen slege den rekorden. I tillegg var han med i mange andre styre. Ei tid var han formann i ikkje mindre enn sjau ombod.Han låg godt an til å verta ordførar, men av ymse grunnar var det Knut Nordstog Løyland som fekk det ombodet.

Enno hev eg ikkje komi inn på bonden Ketil Rygnestad. Sjølv om han hadde store åndelege interesser og stor intellektuell kapasitet, så var det fyrst og fremst bonde han ville vere. Då han kom til Nistog Åmli var garden utarma og vassjuk, steinut og tungdreven. På den tidi var det heilt uvanleg å dyrke ny jord; dei skjøna ikkje at Kjetil hadde råd til det. "Eg synes ikkje eg hev raad til aa lata jordi liggje so lite ytande og arbeidsam", svara Ketil. Til slutt sat han med ein av dei best drivne gardane i Valle. Han var svært interessera i nye driftsmåtar, nye sortar, og han var den fyrste som dreiv det stort med gris.

For dette fekk han hausten 1932 Aust-Agder Landbruksselskaps sylvmedalje. Framståande menn frå fylke og kommune møtte opp i Nistog Åmli og overlevera medaljen.

Han var av lynde konservativ, men i mange ting var han svært klårsynt når det galdt nye ting som kom opp. Som Torleiv Aakre skriva om han:

Ketil hev alltid havt det med aa tenkja og freista sjølv, utan aa taka større umsyn til motar og fordomar og kva andre menneskje trur og meiner. Alltid hev han vori fritalande, ikkje lirka seg fram, men busa fram med det han syntes var rett og godt.

Så til den politiske utviklingi hans. Som brørne Åsmund, Bjørgulv og Svein melde han seg og Sigrid seg inn i N.S. hausten 1940.

Til stortingsvalget i 1933 hadde Ketil som representera Bygdefolkets krisehjelp, gjenge saman med N.S. i ei felles valgliste. Ketil var på fyrste plass på denne lista, men lista fekk ikkje mange røyster.

Så langt eg hev lese innleggi hans i A.T. i 1930-åri, hevda han ikkje noko typiske N.S. - synspunkt, men han var sterkt nasjonal og han meinte at dei nasjonale kreftene burde stå saman. At bondepartiavisa "Agder Tidend", som han sette svært høgt, utpå 1930-talet begynte å få nazi-sympatiar, var nok med på at han vart påvirka i same retning. Slik var det nok med dei tri brørne hans og mange andre nasjonale, idealistiske, men godtrugne valldølar.

Eg hev høyrt frå folk i slekti hans at han hadde nokså sterke antipatiar mot jødar. Det vart aktualisert ved at finansministeren i 1930-åri var jøde. Ketil var sterkt imot den økonomiske politikken som han førde, som kom til å slå negativt ut for bøndene.Det var ei tid då mange gardar gjekk under hamaren.

Så kan ein spørje: Er det noko i gråmannsslekti som gjer at fire av dei sjau brørne melde seg inn i N.S.? Det er ikkje godt å seie, men som ekte setesdølar hadde dei nok lett for å sjå opp til dei som var sterke. I denne slekti er det òg eit sterkt konkurranseinstinkt. I grunninnstilling var slekti svært konservativ, men kunne også slutte seg til noko radikale tankar når dei vart overtydde om noko. Dei var idialistiske, og var vel noko lettlurde?

Ein av informantane meinte at han utpå 1930-talet på mange måtar beundra Hitler. Han hadde jamvel ein stut som han kalla Hitler. Lat oss vone at det var fordi han tykte Hitler eigentleg var ein stor stut.

Som nemnt melde han seg inn i N.S. saman med kona hausten 1940. I den samanhang er det verdt å merke seg at han frå våren 1940 vart mentalt forandra. Han som var ei urkraft, misste meir og meir fotfestet i det verkelege livet, og det enda med at han prøvde å hengje seg i Hallandsbrui, eller kaste seg i fossen der. Like etter vart han send til Eg Sykehus. Han døydde der eit år seinare.

Historien om dette evnerike og flotte mennesket som fekk utretta så mykje på så mange måtar - og som fekk ei så tragisk endelykt, hev gjort at eg hev fenge sterk interesse for han. Kven var han, og kva var det som dreiv han ut i katastrofen?

Mamme likte godt å fortelje om slekti si, som ho var ikkje så lite stolt av. Eg kan minnest at eg likevel fekk ei kjensle av at det var noko med Ketil som ikkje var greitt, som om noko hefta med han. Det same opplevde borneborni ; det vart mest aldri tala om Ketil. Han var mest som ein "persona non grata". Dette inntrykket vart forsterka , då han ikkje eingong vart gravlagd i Valle, men ligg på ukjent stad i Kristiansand.

Eg hev dei siste par åri interessert meg mykje for livssoga hans. Sidan han døydde i 1941, er det ikkje mange som hugsar han, men eg fann fire personar som meir enn gjerne ville fortelje om han.

Ein av informantane mine sa spontant då eg bar fram ærendet mitt: "Det var rart at du kom idag. Eg hev plent sete og sett hit i Åmli og tenkt so mykje på Ketil. Forresten, det gjer eg stadig". - Ho hadde så mange gode minne etter han. 75 år etter at han døydde på så tragisk ein måte, var det få menneskje som ho mintest med så stor glede som han.

Informanten min vart farlaus då ho var tri år, og mori sat att med sjau born. Då var det godt å ha ein granne som Kjetil. Når det var noko som var vanskeleg, var Kjetil mori spurde til råds.

Ho minnest at han allstødt var godt i lag. Alltid morosam å tale med. Når han var ute å arbeidde, kunne han kvede, med si grove bassrøyst, så det dver(g)mola i nutane.

Alle dei fire informantane eg tala med såg attende på han med stor glede og respekt.

Eg spurde dei og om kva som skjedde med han i 1940. Alle kunne dei fortelje at han endra seg radikalt frå våren 1940. Ein informant meinte at han hadde vorte senil, då han sa så mykje rart. Ein annan kunne treffa på han ute midt på natti. Han sa at han fekk ikkje sove. Han kunne då stundom midt på natti vere på veg til dyrkingsfeltet han hadde innpå heidi. Var det næringssut som hadde grepe fatt i han ?

Så var det ein tidleg haustmorgon i fyrstningi av oktober 1940. Ein frå Åmli stod på Hardstadberg og venta på bussen. Då høyrde han rop frå Hallandsbrui, der Ketil var utanfor rekkverket. Han let seg redde, og nokre karar tok han mellom seg og fekk han heim til Nistog medan han ropa om hjelp. Informanten min hugsar ho stod i tunet og høyrde kor han ropa. Dagen etterpå vart han send til Eg.

Eg sat att med mange spursmål. Kva var det som hende med han i året 1940, som gjorde at denne trauste og sterke mannen med dei store ideala og med dei store tankar om menneskelivet, vart knekt, og fekk ein så tragisk lagnad?

Det ser ut som om han denne våren gjekk inn i ein djup depresjon, så djup at han misste taket på det røynelege livet. Det er nok ein viss genetisk disposisjon i slekti, men kva var det som utløyste det heile? Hadde det noko å gjere med krigen og invasjonen av Noreg? Hadde han oppdaga at han hadde teke feil og vorte lurt? Men kvifor melde han seg inn i N.S. denne hausten, ikkje mange dagar før han ville kome seg ut av dette livet? Tenkte han då rasjonelt og klårt som han bruka å gjere, eller hadde sinnet alt vorti formørka?

Eg tenkte og vona at nokre av svari låg gøymde i den 75 år gamle journalen frå Eg sjukehus. Saman med barnebarnet hans, Gjermund Bø, freista me å få tilgang til journalen. Etter ein del fram og tilbake fekk me endeleg løyve.

Eg hadde håpa på at me i journalen kunne finne svar på kva det var som førde til denne tragiske situasjonen, men eg vart ikkje så mykje klokare.

Av journalen gjekk det fram at han, 70 år gamal, vart innlagt på Eg sykehus den 13. oktober 1940. Det var dagen etter at han vart funnen på Hallandsbrui. Han vart fylgd på sjukehuset av sonen og svigersonen, og det var dei som svara på spursmåli til legen. Ketil sjølv var ikkje i stand til å gjere greie for seg.

Dei fortalde at han hausten 1939 hadde eit fall i ei trapp og slege seg så i hovudet at han ikkje var istand til å arbeide etterpå. Men dei psykiske forandringane byrja ikkje før våren 1940. Det er verdt å nemne at dette fallet hadde informantane mine ikkje høyrt noko om. (Det kan tenkjast at det var ei "grei" forklåring for familien. På den tid var det stor skam å ha nokon med psykiske problem i familien). Det begynte med overdrivne økonomiske bekymringar og hypokondriske idear og han vart meir og meir rastlaus og rådvill.

Om sjølvmordforsøket stend det at han ville gjere ende på seg med å kaste seg utfor Hallandsbrui, men at Sigrid hadde oppdaga det og sende nokre karar til hjelp.

I journalen kom det ikkje fram noko som kunne forklåre kvifor det gjekk som det gjekk.

I dette året på Eg var han meir og mindre forvirra, var rastlaus og uroleg. I ein lang periode hadde han fenge det for seg at han skulle krossfestast, og han skreiv benådningsbrev til direktøren. Ba legen om at han kunne verte teken livet av på "en pen måte". Han som alltid skreiv eit godt og klangfullt nynorsk, nytta i desse brevi bokmål. Etter vel eit år i meir eller mindre forvirra tilstand døydde han 8. november 1941.

Journalen frå Eg kasta ikkje mykje ljos over siste delen av livet hans, anna enn at det vart konkludert med at han leid av ei melankoliform psykose utan noko sikker utløysande årsak.

Som før nemnt melde han seg inn i N.S. hausten 1940. Då hadde han vori psykisk sjuk nokre månadar. Under opphaldet vart han spurd om politisk verksemd, og hansvara då at det var bondepartiet han arbeidde for, og la til, "for at de skulde samles".

Det må vel tolkast slik at han ikkje rekna seg som N.S.-mann, sjølv om han nyss hadde meldt seg inn i partiet. Kanskje han såg det som si oppgåve å arbeide for at alle nasjonale krefter vart sameinte? Det var vel òg det prosjektet han arbeidde for i 1933 då Bygdefolkets krisehjelp gjekk saman med N.S. i stortingsvalet same år.


GRÅMANNEN | Sigrid Bratterud og Gråmannen | Sigrid Bratterud i Valle | GRÅMANNSSONEN
OLAV (e) | KETIL | SVEIN | OLAV (y) | ÅSMUND | ÅNUND | BJØRGULV

Web design av Hild Rygnestad
Sist oppdatera 29 april 2022