Denne slekta var noko for seg sjølv både på godt og vondt. Dei var 
tiltakssame og flittige, hadde gode evner og var svært kreative. Dei var 
også svært vågsame, mange gonger dumdristige. Gråmennene fylgde ikkje den 
store hopen, men gjekk ofte sine eigne vegar, ikkje minst på det religiøse 
området. Som ho sa det, Sigrid Kjelleberg, som er av gråmannsslekti sjølv: 
"Gråmennene hev sin eigen veg til Faderen". 
Det er au ein viss kunstnargivnad i slekti. Gråmannen sjølv var ein 
utifrå god kunstsmed. I slekti til kona hans, Gyro Sveinsdotter frå Syga 
Røyseland, var det sylvsmedar, rosemålarar og spelemenn.  
Men det er ikkje berre positive sider med denne slekti. Ein del vart 
råka av tungsinn som av og til kunne få dramatiske fylgjer. Andre  vart 
så spesielle at dei hadde vanskeleg for å passe inn i  det vanlege 
samfunnmaskineriet. Andre  vart opptekne av å vise seg fram, det me kallar 
"galnoskelege" (nauten, dumme seg ut). 
Me som kallar oss for gråmenn idag, hev og ein del gener frå Vonde-Åsmund 
Rygnestad frå Nordigard. Lang-gome (oldemor) mi  heitte Ingebjørg 
Hallvardsdotter Lien (1845-1927), som var gift med Gråmannssonen, kom frå 
Vonde-Åsmundslekti. Denne slekti var kjend for å vere svært konservativ; der 
på garden skulle alt vere som det allstødt hadde vore. Det førde nok etter 
kvart til stagnasjon og tilbakegang i Nordigard. Gråmannen, som kaupte 
Sygard Rygnestad derimot, tenkte nytt og bygde opp garden til eit 
mønsterbruk.  
Eg byrjar med Gråmannen og kona som var besteforeldri til gofa, og 
såleis mine tipp-oldeforeldre. Om denne slekta er det mange som hev skrivi. 
I tillegg til Valleboki byggjer eg på artiklar av Tarald Nomeland, J
on Løyland, Torjus Åkre, Kjetil Rygnestad (Åmli) og Olav O. Holen. 
 
		
 |